Lokal | 23. aug. 2012

Utfor på Ulvensletta

Ein hjort blei påkjørt på Hatvikvegen og ein bil hamna utfor på Ulven i natt.

Utfor på Ulvensletta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. aug. 2012 09:57

Politiet fekk fleire meldingar om flaumen onsdag kveld, men her var allereie Os kommune og brannvesenet i sving, så meldingane blei sendt vidare til gutta i felten.

I natt kom melding om utforkjøring på Ulven.

– Ein bil hadde hamna i grøfta. Vi kontakta førar, som hadde bestilt tauing av Viking. Det er ikkje mistanke om promille, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet fekk også melding om vinglete kjøring ved AMFI Os.

– Vi fann verken bil eller førar. Det skal ha vore snakk om ein eldre mann og vi kjem til å følgja opp saka.

Onsdag blei ein hjort påkjørt og drept på Hatvikvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.