Lokal | 29. sep. 2017

Utfordra politikarane

Kommunesamanslåing: Rådmann Fotland ber politikarane samarbeida for å oppretta to politiske utval.

Utfordra politikarane
Christian F. Fotland utfordra politikarane på samarbeid på tvers av kommunegrensene når dei to utvala skal opprettast (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 29. sep. 2017 09:52

Måndag møttest fellesnemnda til sitt andre formelle møte etter at dei på sist møte tilsette Christian F. Fotland som prosjektleiar og rådmann for Bjørnafjorden kommune, og rådmann i Fusa, Nils-Petter Borge i team med Fotland, som assisterande rådmann i den nye kommunen.

I møtet måndag skal fellesnemnda blant anna ta stilling til Fotland sitt forslag om å opprette tre politiske underutval. I tillegg til eit partsamansett utval (fellesnemda + tillitsvalde) ønskjer han eit utval for tenesteutvikling og eitt utval for samfunns- og næringsutvikling.

– Eg ber de spesielt så på saken med politisk organisering. Desse to utvala skal vera politiske utviklingsutval innan for kvar sine områder. Dei vi i tillegg få ein administrativ prosjektleiar.

– Underprosjekt under desse er omtala i milepælsplanen. Vi har vel til no omlag 50 ulike prosjekt som skal gå parallellt i prosessen, fortalde Fotland i kommunestyret tysdag.

Bør skje raskt

I saksframlegget til fellesnemnda blir dei to utvala omtale på denne måten:

Utval for tenesteutvikling

Utvalet har 7 representantar

Utvalet skal ha spesielt fokus på utvikling av tenestene i den nye kommunen. Dei ulike delprosjekta innanfor oppvekst, kultur, helse og omsorg skal rapportere til tenesteutviklingsutvalet. Tenesteutviklingsutvalet skal ha eit særskilt fokus på innovasjon, tverrfagleg arbeid og samhandling, kvalitet, og utvikling av tenestene i den nye kommunen.

Utvalet rapporterer direkte til fellesnemnda. Saker med økonomisk konsekvens for prosjektet eller for den nye kommunen skal til Fellesnemnda for avgjerd.

Utval for samfunns- og næringsutvikling

Utvalet har 7 representantar

Utvalet skal arbeide med saker innan samferdsel og infrastruktur som får innverknad for den nye Bjørnafjorden kommune. Utvalet skal også arbeide med arealrelatert infrastruktur som avlaup, vatn, energi og trafikksikring. Utvalet skal starte arbeidet med arealplanlegging av ny kommune. I dette ligg arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel og etter kvart også kommuneplanens arealdel. Andre relevante planar innanfor areal, samferdsel og infrastruktur vert utvalet sitt ansvar. Utvalet skal ha eit særskilt fokus på at Bjørnafjorden kommune har eit framtidsretta miljø- og klimafokus.

Utvalet skal også arbeide med næringsutvikling. Utvalet skal ha ein aktiv rolle for at Bjørnafjorden vert foretrekt for nyetablerarar og for at allereie eksisterande næringsliv skal ha konkuransedyktige vilkår. Utvalet skal ikkje sakshandsame einskildsaker. Dette er det dei to kommunane som har ansvar for fram til 1. januar 2020.

Utvalet rapporterer direkte til fellesnemnda. Saker med økonomisk konsekvens for prosjektet eller for den nye kommunen skal til Fellesnemnda for avgjerd.

– Opprettinga av utvala bør skje raskt. I allefall denne hausten. Det er sju representantar i kvart av utvala, så de har eit spennande politisk arbeid foran dykk når de skal velga frå begge kommunane, avslutta Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.