UTfordrande på Øvreeide gard
Bildeserie: Det blei både utfordringar og kos då Os Turlag inviterte til Kom deg ut-dagen søndag.
Allereie då arrangementet start klokka 12 var parkeringsplassen på Øvreeide gard godt fylt opp. Nede på aktivitetsområdet ved Tveitavatnet var unge og vaksne i full sving med å teste dei ulike aktivitetane.
– Her kan ein få prøva seg på mykje forskjellig. Klatregruppa i Os Turlag har rigga seg til med klatretau og sele. Fana Bueskytterklubb er med oss i eit håp om å rekruttera fleire bogeskyttarar og Øvreeide gard har tilrettelagt med diverse aktivitetar, fortel styreleiar Arvid Øvreeide.
Bålkos og kunnskapsløype
I tillegg til aktivitetane hadde turlaget rigga til med bålpanner og turløype med ulike oppgåver inne i skogen.
– I invitasjonen har vi sagt at det berre var å ta med seg pølser og grillmat, så skulle vi sørgje for bålet. Det ser ut som folk allereie er i gang med grillinga.
– I skogen bortanfor er det ei løype som ungane kan gå og svara på spørsmål, så vankar det ein premie frå turistforeninga i enden, smiler Øvreeide.
Første gang på garden
Sist Os Turlag arrangerte Kom deg ut-dagen vinterstid var for nokre år siden.
– Då var vi på Bjørnefjorden golfklubb og hadde skirenn, noko som var veldig populært, men det ser ut til at dette blir like populært.
146 arrangement over heile landet
Arrangementet på Øvreeide Gard var berre eitt av 146 arrangement over heile landet som lokale lag av Turistforeninga sto bak.
– Dette er eitt av dei ti arrangementa som er i Hordaland i dag. Mellom anna er det arrangement på Fløyen, Askøy og Stord i dag òg, fortalde informasjonleiar i Bergen og Hordaland Turlag, André Marton Pedersen.