Lokal | 04. nov. 2009

Utfordrar ungdomen

Nattbading i Osbadet fredag: Sjå Vegard demonstrera ein av aktivitetane han vil utfordra ungdomen i.

Utfordrar ungdomen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. nov. 2009 07:55

Osbadet har hatt nattbading for ungdom før, i samarbeid med Allaktivitetshuset, natt til 1. mai og natt til 17. mai. Denne gong er det ein student som står for regien.

- Dette er mi første praktiske oppgåve i faget prosjektstyring og leiing, seier Vegard Borgen, som går andre året på økonomi og administrasjon ved Høgskolen i Bergen.

Borgen er son til dagleg leiar Leif Gunnar Borgen, og jobbar sjølv som badevakt ved Osbadet ved sida av skulen.

- Medstudentane mine har gjort alt frå å arrangera foredrag eller standup til å analysera eksisterande arrangement. Eg ville sjå om eg fekk til noko spennande i Osbadet, fortel han.

Nattbading for ungdom
Fredag 6. november arrangerer Borgen nattbading for ungdom frå 13 år. Frå klokka 21 til 1 om natta.

- Vi måtte passera midnatt, så det blir ekte nattbading, seier Vegard.

Med seg har han tre medstudentar som skal hjelpa til, i tillegg til seks badevaktar.

- Det har vore lærerikt så langt, å planlegga, laga plakatar og å setja opp budsjett. Så blir det å skriva rapport med evaluering når prosjektet er gjennomført.

Ingen meister i moonwalk
Med musikk og konkurransar håpar han på å lokka minst 100 ungdomar til bading utover fredagskvelden. På prgrammet står blant anna:

• Kapproing i gummibåt
• Kapprutsjing
• Konkurranse i å stå/gå lengst på "moonwalk"

- Moonwalk er ein nyinnkjøpt "tømmerstokk", ei plastpølse som slett ikkje er enkel å balansera på, seier Vegard.

Her kan du sjå når han prøver:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.