Lokal | 05. nov. 2014

Utfører tiltak i Industrivegen

Avstigingslomma ved Kuventræ skule får ny merking, ny kjøreretning og betre trygging av gang- og sykkelvegen som går forbi.

Utfører tiltak i Industrivegen
Raud linje er sperremateriell (låg kantstein), grøn linje er ny trasé for gangveg, kvit linje er avgrensing av avstigingslomme og svart linje er kjøremønster. (Ill.: Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. nov. 2014 09:58

Rundt skulestart fortalte Os kommune om planar om utbetring av avstigingslomma ved Varafjell og Kuventræ skule i Industrivegen.

Les òg: Dette er ikkje ein parkeringsplass

– Vi vil laga eit tydelegare skilje mellom gangveg og avstigingslomma og skilta for å sikra rett kjøreretning, fortel Terje Myking frå teknisk eining i kommunen.

Gang- og sykkelvegen, som tidlegare ikkje var merka gjennom trafikken, kjem no til å gå inst i lomma,

Meir praktisk kjøreretning

Til no har trafikken gått, av ei eller anna årsak, gått motsett veg som i ei rundkjøring, med litt krunglete utkjøring i ein krapp sving ut på Industrivegen.

– Det einaste logiske, sånn eg ser det, er at foreldre som kjører ungane til skulen kjører inn nedst i lomma og ut øvst, seier Myking.

Lomma har avgrensa storleik og blir skilta med parkering forbode.

Ferdig i neste veke

Myking fortel at arbeidet er snart gjort og kanskje vil bli utført før helga.

– Den kan brukast kvar dag, vi tar jobben etter at ungane er levert på morgonen.

– Skulane får eit skriv i dag som går heim med «ransel-post». Jobben blir ferdig før helga eller i neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.