Lokal | 14. nov. 2012
Utforkjøring og narkotika
• Fekk klage på støy - fann narkotika.• Bil kjørte i skilt.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. nov. 2012 09:18
Natt til onsdag fekk politiet melding om støy frå fest hos ein leigetakar i ein bustad i Kuvågen.
– Det hadde visst vore støy frå 1.30-tida og utover, fortel politibetjent Rune Fimreite.
Politiet kom til staden klokka 03.30 og då var det fleire festdeltakarar i husværet.
– Festen blei avvikla og vi fann noko vi meiner er narkotika. Folk blei sendt heim og éin person blir meldt for forholdet.
Krasja i Irgenskrysset
Onsdag morgon fekk Midtsiden melding om trafikkuhell i Hagavik.
– Ein liten Peugeot har kjørt i eit skilt i Irgenskrysset, opplyser ein Midtsiden-lesar.
Politiet har ikkje høyrt om uhellet og antar at det ikkje er snakk om personskade.