Politi | 21. okt. 2022
Utforkøyring i Lysefjorden - oljesøl i Strøno
– Ingen personar blei skadd.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. okt. 2022 09:59
Torsdag i 13.20-tida fekk politiet melding om oljesøl i Nordstrøno.
– Vegtrafikksentralen tok oppdraget med å rydda, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
– Det var godt synleg søl, men ikkje fare for at bilar skulle skli av vegen.
Men på Lyseklostervegen hamna ein bil utfor vegen. Det var i 21-tida torsdag kveld.
– Ingen blei skadd. Det er heller ikkje mistanke om køyring i rus, så vi har ikkje oppretta sak på dette uhellet.