Utforkøyring og husbråk
Politiet fekk tak i eigar og forklaring då ein bil hamna på eit jorde. Dei var òg heime hos eit par der den eine hevda å ha blitt skubba ned ei trapp.
Laurdag kveld klokka 22.49 fekk politiet melding om utforkøyring på Lepsøyvegen.
– Ein bil sto ute på eit jorde. Eigar svarte ikkje telefonen først, men vi fekk etterkvart tak i vedkomande, fortel Kjersti Eidsnes, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Han forklarte at det var dottera som hadde lånt bilen, og at uhellet hadde skjedd då ho skulle rygga. Ingen var skadd.
– Den unge kvinna blei sjekka for promille, men var ok.
Kvinne meldte frå om krangling
Klokka 03.43 natt til søndag kom det melding om husbråk.
– Ei kvinne sa at sambuaren hadde skubba ho ned ei trapp.
På staden nekta sambuaren for å ha skubba kvinna. Ingen av dei var skadd.
– Patruljen var på staden i 1,5 time og fekk snakka godt med paret. Ingen av dei blei tatt med frå bustaden, men det blir oppretta ei undersøkelsessak for å avdekka om nokon av dei har vore valdeleg med motparten.