Lokal | 13. jan. 2020

Utforkøyring på Hetleflåten

Ein bil har køyrd i ein stolpe.

Utforkøyring på Hetleflåten
Bilen skal sjå svært skadd ut, men det er så langt ikkje meldt om personskade. (Lesarbilde, foto: Ingunn Tjore)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. jan. 2020 18:19

Klokka 19.03 måndag kveld fekk Midtsiden melding om utforkøyring på E39 Byvegen på Hetleflåten.

– Det ser ut som om det berre er éin bil involvert. Bilen ser svært skadd ut, fortel eit vitne på staden.

Politiet opplyser klokka 19.10 at det har kome inn melding om ein bil som har køyrd i ein stolpe.

– Airbag er løyst ut, men det er ikkje meldt om personskade så langt.

Trafikken gjekk forbi ulykkestaden i starten, men politi og ambulanse har no rykt ut, og ifølgje Google Maps si trafikkovervaking, har det byrja å danna seg kø i begge retningar.

Ulykka har skjedd mellom den krappe, lange svingen på Hetleflåten og avkøyrsla til Hjellemarka.

• Har du bilde eller informasjon frå staden? Send til tips@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.