Lokal | 30. juli 2017

Utforkøyring på Ulvensletta

Ei kvinne er mistenkt for promillekøyring etter å ha køyrd i autovernet på Ulvenvegen.

Utforkøyring på Ulvensletta
Kvinna er tatt til legevakt, bilen er òg frakta frå staden. (Lesarbilde/tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 30. juli 2017 21:14

Søndag klokka 21.50 rykte politiet ut på melding om trafikkulykke på Ulvenvegen.

– Éin bil og éin person er involvert. Bilen køyrde i autovernet ikkje så langt frå flystripa, fortel operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt til Midtsiden.

Bilførar, ei kvinne i 50-åra, er frakta til legevakt for sjekk.

Ho er òg mistenkt for å ha køyrd med promille.

Det er tatt beslag i førarkortet og kvinne måtta, i tillegg til å bli undersøkt, levera blodprøve hos legevakta.

– Test på staden gav utslag på alkohol, opplyser Olsen.

Det var ingen trafikale problem på staden. Bilen er frakta vekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.