Lokal | 09. juni 2010

Utlending brente bål

- Det hadde brent i heile natt om ikkje vi hadde kome for å sløkja.

Utlending brente bål
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. juni 2010 08:30

Tysdag i 22.30-tida fekk politiet melding om bål ute av kontroll ved Vaksinen flystripe.

- Det var ein utlending som var på eit eller anna oppdrag i området som hadde tent bålet, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Politiet hadde hjelpt til med å sløkja det meste før brannvesenet kom fram, men det blei likevel behov for assistanse.

- Eit område på rundt 50 kvadratmeter var svidd av, og det hadde tatt fyr i ei rot. Hadde vi ikkje sløkt den så hadde det brent i heile natt, så det var bra at det blei meldt frå om brannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.