Lokal | 11. mars 2014

Utlending utan lappen

Politiet fekk i går melding om funn av to schäferar, og stoppa ein førar utan lappen i bil klar for avskilting.

Utlending utan lappen
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 11. mars 2014 07:52

Måndag i 17-tida fekk politiet melding om opne dører i gymsalen til Os barneskule. Teknisk vakt blei kontakta og låste bygget.

Samtidig kom melding om funn av to hundar, ein hannhund som truleg er ein blandingsrase av schäfer, og ei schäfertispe.

– Hundane er levert på omplasseringstenesta Fant i Fana, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Utlending kjørte utan lappen

Litt over klokka 19 stoppa politiet ein bil i Os sentrum.

Bilen skulle avskiltast og førar, ein utlending i 30-åra, viste seg å ikkje ha førarkort.

Vedkomande er meldt for episoden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.