Utlendingar med falske skilt krasja og stakk av
Vitne: Politiet søker etter ein liten lastebil med falske skilt.
Klokka 20.20 i kveld kom det eit brak i Kuhnlevegen. Ein nabo såg ein liten, kvit lastebil stå på tvers i vegen, og sprang ned for å sjå.
– Det såg ikkje ut til å vera andre bilar involvert, eller nokon som var skadd, så eg prioriterte å ta registreringsnummeret på bilen.
Det kunne sjå ut som om ein av naboane sin båt var råka, men det var den ikkje. Braket kom truleg frå kollisjon med ein strøkasse.
Lastebilen køyrde nokre meter opp i vegen og snakka på eit austeuropeisk språk med noko dei møtte, før dei køyrde frå staden.
– Eg ville finna ut kven dette var, som berre køyrde i ting langs vegen og stakk frå staden. Etter at eg sjekka registreringsnummeret kontakta eg politiet, fortel vitnet, som til dagleg jobbar som vekter.
Registreringsnummeret høyrer nemleg til ein VW Tiguan, ikkje ein Iveco lastebil.
– Tiguanen har kvite skilt, lastebilen hadde grøne, men registreringsnummeret var det same. Dei må ha produsert skilta sjølv, seier vekteren, som er sikker på at han har notert rett nummer.
Ifølgje vitnet er politiet no på jakt etter lastebilen. Politiet sjølv har ikkje svart telefonen den siste timen, så vi har ikkje fått status.
Lastebilen hadde skap, var heilt kvit og utan reklame for firma eller liknande.