Sport | 30. aug. 2010

Utlikna, men tapte

Damelaget til Os gav serieleiarane kamp, men med dårleg utteljing i god periode blei det tap.

Utlikna, men tapte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. aug. 2010 20:59

Os hadde tre kampar på rad utan tap før ferien, den siste med 15-0 borte over Valestrand Hjellvik. Hausten starta bra med 2-1-siger borte over Radøy/Manger, men gårsdagens møte med serielar Flaktveit blei for tøft.

- Vi hamna under 0-2, men hadde ein god periode der vi både utlikna og hadde sjansen til å ta leiinga, seier trenar Rune Balland.

Gjestane fekk føra ballen med handa innanfor 16-meteren utan at det blei hands og straffe. I tillegg blei det blåst offside på eit gjennomløp det lett kunne blitt mål av.

Os hadde også ein corner som nesten blei skote i mål, men det blei med to skåringar medan Flaktveit tok leiinga igjen før pause og auka til 2-4 i andre omgang.

Os - Flaktveit: 2-4 (2-3)
Målskårar, Os: Caroline Nilsen (2)
Os sitt lag frå start (4-4-2): Jeanett Kallekleiv, Heidi Kloven, Silje Pedersen, Mariann Øvredal, Charlotte Balland, Tale Ivarhus, Malin Moldskred, Linda Johansen, Caroline Nilsen, Anne Øvreeide og Linn-Helen Thuen.
Innbytarar med speletid: Christina Kallekleiv, Katrine Helland, May Helen Johnsen og Anette Holmefjord.

Anne opp to divisjonar
Anne Øvreeide skal flytta til Stavanger og går til 2. divisjonsklubben Hinna.

Ho teikna kontrakt rett etter kampen sundag.

10 skadd eller sjuk
Os mista fem spelarar i sommar, hadde fleire skadd eller sjuk før sundagens kamp og fekk fleire skadar i kampen.

- Linn-Helen Thuen hadde ein strekk, men prøvde seg på topp frå start. Ho måtte bytast ut tidleg, fortel Balland.

No har han 10 spelarar ute med skade eller sjukdom, i tillegg til dei fem laget mista.

- Heldigvis har vi fått to nye spelarar. Dessutan er det to veker til neste kamp.

Bortekamp mot Baune og heimekamp mot Austevoll er i vente for Os som ligg midt på tabellen.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.