Kultur | 02. des. 2010

- Utruleg koseleg

Tor Endresen og dei musikalske venane hans koste seg med publikum i fullsett kyrkje onsdag kveld.

- Utruleg koseleg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. des. 2010 10:01

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

- Det var utruleg koseleg i Os kyrkje i kveld, sa Tor Endresen til Midtsiden.no etter konserten onsdag.

Saman med Torstein Sødal, Rune Larsen, Marian Aas Hansen og musikarane Jon-Willy Rydningen (synth) og Olav Torget (gitar) fekk han julestemning i dei mange som fylte kyrkjebenkane i Os 1. desember.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- Eg trur det er ei stund sidan det har vore så mykje allsong i Os, publikum var verkeleg med på notane, seier den kjente og kjære bergensartisten.

Det var etter ei fin juleforteljing om den gamle julesongen som ingen ville synga at Rune Larsen inviterte publikum til å synga med.

- Vi er i Os, sant? spurte han etter det som var noko spinkel deltaking.

På neste låt kom det seg veldig og utover siste halvdel av konserten tok det av på dei mest kjente songane. Men det var ikkje berre det folk flest forbinder med julesongar som dei fire kjente artistane framførte.

Simon & Garfunkel-låta «Bridge over troubled water» var det også plass til.

- For nokon kan også dette fungera som ein julesong, innhaldet i teksten fortel om litt av det jula handlar om, sa Larsen.

VIDEO: Sjå 2-3 minutt av konserten i Os kyrkje torsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.