Kultur | 27. aug. 2014

– Utruleg vellukka

Heile 400-500 personar fylte opp tunet på Lyngheim då det laurdag var offisiell opning.

– Utruleg vellukka
Nils Georg Brekke (innfelt) er takksam og nøgd etter opningsfesten laurdag. (Foto: KVB)
Kari M. Lyssandonsdag 27. aug. 2014 08:43

– Dette var veldig kjekt, synest Nils Georg Brekke, ei av eldsjelene bak det historiske tunet på Lyngheim.

Etter fleire år med dugnadsarbeid og søknadar om støtte var endeleg dagen for opning komen.

Frå klokka 12 var parken og stova open for alle som ville koma. Her blei det bydd på steinbakte brød frå eiga gruve i eldhuset, ungane kunne leika med hesteskokasting og fekk prøva seg på rosemaling. Os Spelemannslag sto for musikken.

– Det var stappfullt av folk og vi har fått veldig gode tilbakemeldingar, seier Brekke nøgd.

Fekk nøkkel frå skrin

På den offisielle opninga for inviterte gjestar litt seinare på dagen var det eit tettpakka program.

Med temaet "Roser, liljer og blues" fekk ein oppleva fleire musikalske innslag, blant anna frå Blue Note Shuffle, stev frå Eirin Røykenes og brørne Nils og Thorbjørn Økland framførte på fele og gitar.

– Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd overrekte nøkkel til tunet, som var oppbevart i eit nydeleg rosemåla skrin, til varaordførar Marie Bruarøy, som heldt ein flott tale frå Os kommune.

I programmet blei også 29 personar frå dugnadsgjengen sett ekstra pris på og fekk overrekt diplom for innsatsen dei har gjort på tunet.

Noko arbeid igjen

Tunet med eldhuset er ferdig, men framleis er det ein del arbeid igjen på Lyngheim.

– No byrjar vi møbleringa av stova og så har vi planar om å laga ein roseverkstad på lemen. I tillegg skal det koma heller på tunet og ein steinmur mot parkeringsplassen.

Brekke har endå fleire planar for tunet, blant anna ei skykkje som ein kan oppbevara ved. Der er allereie grunnmuren oppe. Ein aktivitetspark for alle er òg noko ein vil få på Lyngheim.

– Handikaptoalettet er ope no og sjølv om vi nok ikkje har så ofte eld i grua enno, så må jo folk koma og bruka området.

Spelmannslaget har bede om å få bruka eldhuset til øvingar og Brekke seier dei ønskjer velkommen dei som vil leiga stova til kurs og liknande.

Ein fin funksjon for skule og omsorgsektoren

Brekke fortel at kommunalsjef innan oppvekst og kultur, Line Rye, har gjeve gode signal for bruk av tunet.

– No skal vi laga ein plan for skular i Os, det er viktig at historie ikkje er berre noko dei finn i bøker, men at dei får oppleva litt av den.

Det er òg plan at dei som bur på Luranetunet skal ha faste turar til Lyngheim.

- Når tunet er ferdig så blir det ein av dei flottaste friluftsområda på Bergenshalvøya, meiner Brekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.