Kultur | 15. apr. 2011

Utseld på éin time

Billettane til opninga av Oseana blei reven vekk i løpet av éin time då salet starta fredag morgon.

Utseld på éin time
Andris Hamrefredag 15. apr. 2011 11:53

Fredag kl 09.00 lanserte Oseana dei nye heimesidene. Samstundes starta salet av billettar til opning, HavFest, Vamp, Krohnengen Brassband og dei andre framsyningane under opningsfestivalen.

- I løpet av den første timen blei alle dei 120 billettane som var tilgjengelege til opningsframsyninga reven vekk, fortel arrangementssjef Berit Steen.

- Vi har den siste tida hatt stor pågang frå folk som ønska å sikra seg billettar til opninga, så vi hadde rekna med at det skulle bli utseldt.

- Men at det skulle ta berre ein time var meir enn vi hadde håpa å tru på, smilar arrangementssjefen.

Godt i gang med HavFest

Billettane til den spesialskrevne folkeoperaen HavFest blei òg lagt ut for sal i dag.

- Det er solgt ganske mange billettar til premiéra, men òg til dei andre tre framsyningane er salet i gang, fortel Steen.

Til kvar av forestillingane har ho plass til 490 tilskodarar.

- Skal folk vera sikre på å få med seg framsyningane bør dei nok ikkje venta for lenge før dei kjøpar billettar, er rådet frå arrangementssjefen.

Billettane selgast via oseana.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.