UTSELD! Riksteatret: Georgs magiske medisin

Roald Dahl

Passe rampete teater for heile familien. Også for bestemødre, hvis dei tør!
Georgs bestemor er ikkje som andre søte og snille bestemødre. Ho er nifs, og syter og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg! Georg vil gje henne ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil sende henne gjennom taket …
Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uuttømmeleg fantasi. Han var alltid på barnas side, og lot aldri ein sjanse gå frå seg til å sparka dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, selvfølgeleg. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøsse. Og bli litt skremt (i hvert fall ei lita stund inntil alt blir bra igjen). Og så le enda meir. Hans utrolege historier har gitt stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengande barneforestillingar.
Når Riksteatret tar Georgs magiske medisin til scena, engasjerer vi regissør og dramatikar Morten Joachim, som også satte opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei forestilling med mykje musikk og magi, som involverer barna og tar ungers fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han sette alt på hovudet og slå seg laus på barnas vegne – heilt og fullt i Roald Dahls ånd.
Passar for barn frå 5 år.
 
På scena
Ellen Andreassen, Ulla Marie Broch, Espen Mauno, Kristian Winther og Andreas Bratlie.
Team
Dramatikar, Regissør: Morten Joachim. Kostymedesigner, Scenograf: Gjermund Andresen. Lysdesigner: Øystein Heitmann. Musikk og sangtekstar: Gunnar Eiriksson. Musikalsk ansvarleg, Musikk og sangtekstar: Espen Mauno. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen
Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater
 
Facebookarrangement
 

Fredag, februar 1, 2019 - 18:00