Kultur | 11. juli 2016

Utselt for første gong

Ny rekord for Tysnesfest: For første gong måtte arrangørane stenga billettsalet, rundt 500-1000 kom seg ikkje inn på festivalen laurdag kveld.

Utselt for første gong
Gjerstad Arena laurdag kveld. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. juli 2016 10:00

Dei fekk tidleg signal om at årets festival, dem 10. i rekka, kom til å bli folksam. Måndag første festivaldag var salet av billettar passert fredagen frå rekordåret 2015.

Arrangørane gjekk ut og oppmoda publikum om å køyra via Fusa og over Lukksundbrua for å unngå kaos på Halhjem-Våge-ferja.

– Eg har snakka med folk om bord i ferja og dette såg ut til å fungera, dei skal visst ikkje ha køyrd frå ein einaste bil på Halhjem, alle kom med, seier driftsleiar for Tysnesfest, Øystein Vaage.

Rekorden på 26.000 frå i fjor blei grundig slått, i år hadde Tysnesfest 27.715 gjestar!

Passerte 7000 på éin kveld

For første gong blei hovudareanen, Gjerstad, stengt.

– I fjor passerte vi 6000 på éin kveld for første gong, i år hadde vi 7132 inne på laurdagen. Då stengte vi billettsalet.

– Vi hadde ikkje kapasitet til å ta inn fleire, verken på bongsalet, vakthald eller toalett. Om vi auka kapasiteten neste år er førebels uvisst.

Vaktar gjekk ned til bedehuset for å møta publikum og for å stoppa dei utan billett. Vaage reknar med at det var mellom 500 og 1000 som ikkje kom inn.

– Vi hadde godt besøk også dei andre kveldane, med over 4000 torsdag og over 6000 fredagen.

Full hamn og full camping

I løpet av laurdagen blei også festivalhamna stengt, då låg det 460 båtar i hamna.

– Enkelte fann andre brygger eller la seg for anker og tok lettbåt inn, andre valt nok å køyra frå Våge igjen.

Festivalcampen var fullbooka tidleg førre veke, men her stilte innbyggarane opp med det dei hadde av ledig plen.

– Vi er veldig takksame for måten innbyggarane på Tysnes viste hjarterom og husrom, det var utruleg å køyra rundt på Tysnes og sjå telt på omtrent kvar einaste bakke.

– Lite avhengig av godt vêr

Mykje av billettsalet gjekk unna vekene før festivalen, mens vêret var dårleg. Festivalveka og helga hadde heller ikkje perfekt sommarvêr.

– Det ser ut som om folk bryr seg lite om vêret, dei tar det som det kjem.

– Men vi blei faktisk litt heldige, det regnet som kom var til gunstige tider på dagen og var ikkje øydeleggande for opplevingane. At det kom nokre dropar då konsertane var over er sikkert berre bra, då kom folk seg i båtane og telta så det blei ro på øya.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.