Lokal | 17. mars 2020

Os kyrkjelyd utset alle konfirmasjonar

139 konfirmantar må venta.

Os kyrkjelyd utset alle konfirmasjonar
I os og på Nore Neset skulle 139 ungdiomar konfirmera seg. No må dei venta til hausten. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. mars 2020 09:39

Før helga sette kyrkja stopp for all aktivitet, frå konsertar til gudstenester, i samband med tiltak for å redusera smitte av koronaviruset.

Gravferder blir gjennomførte, men med maksimalt 50 gjestar i kyrkjene, dåp og vigslar berre om det er særleg grunn til det - og i så fall i samråd med smittevernlege.

Konfirmasjonsundervisinga var det naturlegvis òg stopp for, og i dag er det beslutta å utsetja alle av vårens planlagte konfirmasjonar.

– Vi fekk oppmodinga frå Den norske kirke (sjå pressemelding, NTB.no) i går, og diskuterte dette i møte i dag, seier dagleg leiar Linda Ekerhovd.

– Vi har beslutta å utsetja alle konfirmasjonane.

Dette gjeld for Os kyrkjelyd. Fusa skal ifølgje Ekerhovd førebels ikkje ha tatt avgjerd om utsetjing.

Må venta til etter sommarferien

I Os kyrkje og Nore Neset kyrkje skulle til saman 139 ungdomar konfirmert seg i løpet av dei to første helgene i mai.

– Vi vil senda ut epost til alle føresette i dag. Kva som blir ny dato er uvisst. Vi har våre forslag, men må ha desse datoane godkjent av prost og kyrkjeråd før vi kan gå ut med dei.

– Det som er sikkert er at det blir etter sommarferien.

OPPDATERT: Kyrkja går no ut med dei planlagte datoane

Konfirmantar som er sett opp 2. og 3. mai blir flytta til 5. og 6. september.

Konfirmantar som er sett opp 9. og 10. mai blir flytta til 12. og 13. september.

Det blei først understreka at desse foreløpig ikkje var endeleg godkjente, men dei har blitt stadfesta.

Konfirmasjonsdatoane for 2021 er uendra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.