Ole-Marius og Fredrik Røttingen i ProPyro var godt nøgd då dei fyrte opp fyrverkeriet i Øyane i fjor. I år har dei måtte utsetta det til 1. nyttårsdag (arkivfoto: KVB)

Utset festfyrverkeriet

Festfyrverkeriet i Os hamn ved midnatt blir utsett til 1. nyttårsdag klokka 20. – Det var ei tung avgjersle å ta, seier Ole-Marius Røttingen.

Av: Andris Hamre

Vêr og vind gjer at det ikkje er forsvarleg å fyra opp festfyrverkeriet på Haugsneset-moloen ved midnatt som planlagt.

– Eg har snakka med ordførar Terje Søviknes og han støttar avgjersla vår.

– Slik forholda er no, er det ikkje forsvarleg å skyta opp fyrverkeriet, fortel Ole-Marius Røttingen i ProPyro.

Slo over moloen

Røttingen fortel at han var optimist på morgonkvisten, men at tilhøva har forverra seg utover dagen.

– På morgonen i dag såg det bra ut, men når eg var er nede no slo bølgene over moloen.

– Vi hadde byrja å rigga utstyret, men måtte berre pakka saman igjen.

– Det er tre ting som er sentrale for oss når vi tek risikovurderinga. Det eine er vind, styrke og retning. Vi ønskjer jo at fyrverkeriet skal gå som vi har planlagt. Det andre er når vi risikerer at det blir blautt av bølgene. Det gjer at vi kan få feilskyting eller at det går lågare enn planlagt. Det er eigentleg der den største risikoen ligg.

– Det siste er jo at vi ønskjer å levera eit fantastisk fyrverkeri, der vi har kontroll på korleis det blir sjåande ut. Det har vi ikkje i kveld. Difor har vi teke den tunge avgjersla å utsetta det til i morgon, forklarer Røttingen.

Ny sjanse 1. nyttårsdag

Røttingen legg til eitt punkt til som vog tungt på vektskåla då dei tok beslutninga.

– Det siste er at det hadde ikkje vore noko triveleg for publikum å stå på gjestebrygga med sjøsprøyten piskande i anletet. Det hadde ikkje blitt ei god oppleving.

– Vi vil jo gi valuta for dei vel 51 000 kronene som er samla inn. Difor legg vi òg vårt på i tillegg, så om folk kjem seg på brygga i morgon klokka 20, så kan eg lova eit spektakulært skue, avsluttar Røttingen.

Kjem du til å sakna fyrverkeri i kveld?

Her kan du sjå video av fyrverkeriet i Os i juni og ved inngangen til 2015 - også dette av Pro Pyro.

 

 

Fleire saker