Lokal | 04. mai 2010

Utset ny brannstasjon

Kommunestyret vedtok tysdag å avlysa anbodskonkurransen og lysa saka ut på nytt med endringar. Tilboda blei for dyre.

Utset ny brannstasjon
Andris Hamretirsdag 04. mai 2010 19:42

Spørsmålet om ny brannstasjon på Moberg var i dag opp til handsaming i kommunestyret. Tilboda som har kome inn har blitt for dyre. Totalbudsjettet for vinnarprosjektet «Kobra» er på 61,5 millionar inkl mva. Omlag 49,2 mill. når ein trekk frå merverdiavgifta.

Problemet for kommunen er at dei pengane har dei ikkje. I dei kommunale budsjetta finns det berre 24,5 mill til ny brannstasjon.

Ikkje så dyrt per kvm
Samanlikna med andre brannstasjonar er ikkje kvadratmeterprisen så høg. Problemet er at stasjonen har blitt for stor.

Berekningane viser at dagens tilbod har ein kvadratmeterpris på 15.700. Til samanlikning kosta brannstasjonen som vart bygd i Holmestrand i fjor 15.500 per kvadratmeter.

Vel å ta ei ny runde
I kommunestyret gjekk rådmannen langt i å anbefala kommunestyret om å ta ein timeout, sjå på arealplanane på nytt og lysa ut ei ny anbodskonkurranse. Etter eit delvis lukka kommunestyremøte, der representantane diskutert kva dei skulle gjera, bestemte dei seg for å seia stopp i denne omgang.

Vedtaket blei at anbodskonkurransen grunna den samla kostnaden med prosjektet blir avlyst og at det blir sett ned ei arbeidsgruppe for å førebu ny anbodskonkurranse. Arbeidsgruppa vil bli leia av Espen Aspenes (Frp). Med seg får han Eirik Neverdal (TvS), Rådmann Knut Terje Rekve og to administrative representanter.

Nytt romprogram
Arbeidsgruppa skal fremja nytt redusert romprogram for brannstasjon og legevakt, tilrettelagt for etappevis utbygging i tråd med forventa framtidig arealbehov for brannstasjonen. Det reviderte romprogrammet skal fremjast for formannskapet den 22. juni 2010.

Vedtaket blei fatta mot Venstre si eine stemme. Dei ønska å koma i gong snarast.

Ny behandling i oktober/november
I vedtaket er det forutset at ny anbodskonkurranse vert gjennomført umiddelbart etter formannskapsmøtet og at kommunestyret får saka til endeleg handsaming hausten 2010.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.