Sport | 22. feb. 2010

Utsett banebygging

Det meste er klart for byggestart, men snø og tele gjer at både fotballsesongen og 17. maifeiringa i Øyane blir prega av byggearbeid.

Utsett banebygging
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. feb. 2010 12:32

Søre Øyane og idrettslaget Øyglimt skal få kunstgrasbane. Målet var at den skulle vera ferdig til påske, no er det ikkje ein gong sikkert om det blir byggestart før påske.

- Vi må venta til snø og tele er vekke, seier prosjektleiar Jan Bjarne Sverresvold frå teknisk område i Os kommune.

Øksnes får anleggsoppdraget
Før nytt dekke kan leggast skal dagens grusdekke fjernast. I tillegg skal det lagast ny drenering rundt både skule og bane, prosjekt som i anbodsrunden har blitt slått saman til eitt oppdrag.

- Sju firma kom med pris, og etter møte med desse slo vi til på Øksnes Maskin AS sitt tilbod. Rådmannen har også gjeve klarsignal for signering av avtale på prisen, seier Sverresvold.

Oppdraget kjem til å kosta 2.617.000 kroner og skal utførast på 80 dagar. Øksnes startar seinast éi veke etter klarsignal frå Os kommune.

- Norconsult styrer anbodsrunden på sjølve banedekket, så dette kjem for seg sjølv.

Fotball og 17. maifeiring
Om årets vinter hadde blitt som vanlege vintrar kunne arbeidet ha starta tidlegare, og kanskje blitt ferdig rundt påske. No blir store delar av området rundt skulen anleggsplass i fleire månadar, når arbeid med drenering, og seinare, legging av kunsgras, held på.

- Vi får ei utfordring, både med fotballaga våre og med 17. maifeiringa, der skulen og grusbanen blir mykje brukt. Den største utfordringa får nok skulen, då banen utgjer ein stor del av utearealet, seier leiar i arbeidsgruppa, Eirik André Hesthamar til Midtsiden.no.

- Når det gjeld fotball må vi kanskje til nokre naboklubbar og søkja om treningstid. Men motivasjonen til å tilpassa seg litt andre forhold er nok stor, folk i Øyane gler seg veldig til banen og resten av det nye uteområdet står ferdig.

Manglar 120.000 kroner
Blant midlane Øyglimt sjølv skal stilla med, 800.000 kroner, har rundt 680.000 kroner kome inn.

- Vi har vore heldige og fått mange privatpersonar og firma i Øyane som har kome med pengestøtte. I tillegg tikkar det inn med støtte frå Norsk Tipping i form av Grasrotandelen.

- Men sjølv om vi har kommunal garanti og kan låna det vi manglar, bør vi legga oss litt i selen får å få inn dei siste kronene også, seier Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.