Lokal | 31. aug. 2017

Utsett for synfaring

Fjellheim • Endeleg handsaming av klagen frå Foreninga Bevar Fjellheim utsett. Plan- og bygningsutvalet vil på synfaring for å sjå på den tekniske tilstanden.

Utsett for synfaring
Plan- og bygningsutvalet utsatte klagen frå Bevar Fjellheim for å ta ein ny synfaring i det gamle kulturhuset (foto: KVB)
Andris Hamretorsdag 31. aug. 2017 11:55

I plan- og bygningsutvalet torsdag skulle utvalet handsame klage frå Foreninga Bevar Fjellheim på vedtaket kommunestyret fatta 16. juni 2015 om at BB2 i reguleringsplanen for Os Vest (Fjellheim-tomta) skulle seljast (og eventuelt rivast, journ.mrk).

Saka har etter det versert fram og tilbake då Bevar Fjellheim i første omgang ikkje blei betrakta som ein part med klagerett på vedtaket.

Fylkesmannen har no slått fast at foreninga har klageadgang, og saka kom difor opp igjen.

Treng eit samfunnshus

I saksførebuingane har kommunen mellomanna fått ein kulturminnefagleg vurdering frå byantikvaren i Bergen som slår fast at Fjellheim bør bevarast.

– Dette handler både om kjensler og fornuft. Os sentrum, med den utbygginga som er planlagt, treng eit samfunnshus og Fjellheim treng folk. Dette heng saman.

– I plansamanheng snakkar vi om bydraget. I mine auge er det like mykje når du kjem køyrande mot Os og ser dette flotte huset. Fjellheim har så stor kulturverdi. Dette må vi ta vare på, påpeika Trine Lindborg (Ap), som viste mellom anna til Bergen, kor ein har klart å kombinera gamle hus med nye bygg.

Ikkje god nok vurdering

Harald Lekven (Sp) støtta Lindborg.

– Vi har programfesta at vi vil stå brask og bram med foreininga. Det er det soleklart at vi gjer til toget er gått og Fjellheim er vekke. Når det gjeld handsaminga no, så seier fylkesmannen at kommunen ikkje har gjort jobben sin. Vurderingane av foreininga sine innspel har vore for knappe.

– Det som er viktigast for meg i den samannhengen er at fylkesmannen minnar om at kommunen sjølv har ansvaret for å ta i vare lokale kulturminne. Det føler eg ikkje vi har skjøtta.

– Fjellheim ein bauta

– Eit anna moment som har kome i seinare tid er at vi held på med ein kulturminneplan. Fjellheim er ein bauta i kulturminna i Os. Det borger for at vi treng endå meir tid. Vi tek med oss at det ikkje er eit grunnlag for nasjonal fredning, men regionalt og lokalt har bygget ein stor verdi.

– Det blir jo understreka når både fylkesmannen og byantikvaren gir sterke føringar for å ta i vare Fjellheim.

Vern gjennom bruk?

Lekven held fram med å kritisera saksframlegget.

– Det er eit tema om kva som er praktisk mogleg gjennom vern via bruk. Det blir litt platt når ein seier at huset ikkje er teknisk brukande. Gustav Bahus har jo i andre saker sagt at alt er mogleg.

– Eg meiner at vi skuldar, ikkje minst foreninga og dei 4000 som har skrive under, å gjera ein skikkeleg jobb denne gangen. Det som er no er for platt.

– Difor ber eg om at saka blir utsett, eller i det minste at vi tek ei befaring for å få ein gjennomgang av korleis den tekniske tilstanden faktisk er. Ein har jo høyrd alt frå at det er til nedfalls til at det er innflytningsklart. Sanninga er nok noko midt mellom, påpeikte Lekven, som etter eit raskt gruppemøte og ein kort diskusjon fekk tilslutning til å utsetja saka for synfaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.