Lokal | 02. des. 2015

Utsette Osfest-løyving

Rekneskap og budsjett låg på ordføraren sin mobil. Dermed utsatte formannskapet handsaminga om å gje Osfest kommunal støtte.

Utsette Osfest-løyving
Laurdagen på Osfest 2015 (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 02. des. 2015 09:14

Osfest har søkt kommunen om eit fast driftstilskot på 10% av festivalbudsjettet. Tysdag skulle formannskapet ta stilling til søknaden. Administrasjonen hadde lagt fram ei ope innstilling kor dei overlot heile avgjera til politikarane «Os formannskap løyver kr ________________ i tilskot til Osfest 2016 frå formannskapets disposisjonsfond.»

– Forslaget er å dekkja det frå disposisjonsfondet. Det blei negativt oppfatta då det blei tatt frå KUP-midlane i fjor, innleia ordførar Terje Søviknes (Frp).

Mismatch og manglande dokumentasjon

Miljøpartiet dei Grøne sin representant, Nils-Anders Nøttseter peika på at det ikkje var samsvar mellom søknaden og administrasjonen si innstilling.

– For det første er det litt uklart kva det søkast om. Administrasjonen innstiller på bruk av disposisjonsfondet, men ordlyden i søknaden er å komma inn på det kommunale budsjettet med ei årleg løyving på 10% av festivalbudsjettet.

– For det andre er ikkje budsjett og finansieringsmodell levert. Det er ikkje bra og må framleggast før vi kan handsama det. Eg har etterspurt det, men ikkje fått det framlagt. Difor er søknaden ufullstendig.

– I tillegg er ikkje rekneskapen for 2015 levert. I Os kommune sitt regelverk står det at det skal leverast før ein kan søka om nye midlar. Om det ikkje er levert, så er det useriøst av oss å handsama søknaden. Kulturrådet krev revidert rekneskap om summen er over 200 000 kroner, Bergen kommune gjer det same. Det er heilt uaktuelt å søka på nytt om ein ikkje har levert rekneskap frå førre løyving, påpeika Nøttseter.

Krev likehandsaming

Nøttseter var heller ikkje særleg nøgd med å skulle handsama Osfest annerleis enn andre kulturaktørar i bygda.

– Det må vera likt for alle. Vi har kulturmidlar og KUP-midlar. Dersom det er for lite kulturmidlar, så er det noko vi som politikarar må ta ansvaret for. Det er den rette måten å handsama det på.

– Vidare argumenterar administrasjonen for at søknaden må handsamast no på grunn av andre finansieringskjelder. Desse er ikkje spesifisert. Kulturrådet sin frist var 2. september og der har Osfest søkt om 500 000 kroner. Det er meiningsløst at vi skal hastehandsama saka no.

Låg på ordføraren sin mail

Ordførar Terje Søviknes (Frp) svara at Osfest hadde sendt inn rekneskap og budsjett, men at det ikkje hadde kome fram til formannskapet.

– Då forespurnaden om å få budsjett kom formidla eg det vidare. Svaret har kome frå Osfest, men dei har sendt det på min e-post medan eg var i London og har ikkje blitt videreformidla til formannskapet. Dei har lagt inn budsjett og rekneskap for 2014, budsjett og førebels regnskap for 2015 og budsjett for 2016.

– Mitt forslag er at vi utset saka og at dette blir lagt inn i saka før vi handsamar den på nytt i neste formannskapsmøte i januar.

Utsettingsforslaget blei samrøystes vedteken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.