Næringsliv | 29. mai 2010

Utvidar campingplassen

I fjor fekk Os ein ny campingplass, i år blir tilbodet utvida med tilbygg. - Vi skal også vera festivalcamp under Osøren, seier Inger Botnevik.

Utvidar campingplassen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. mai 2010 07:02

Det starta eit godt stykke ut i sommarferien 2009. Inger Botnevik var lei av at ho aldri fekk ektemannen, den travle bonden Olav, med på ferie.

- Eg tenkte at eg heller fekk invitera turistane opp her, så får eg i det minste prata litt engelsk, seier Inger og ler.

Botnevik Farm Camp blei til på garden på Bjørkeflaten mellom Os sentrum og Kuventræ.

Frå 14 nasjonar
Frå starten 21. juli i fjor heldt ho delar av eigedomen open for campingturistar fram til eit stykke ut i september.

- På den tida hadde vi gjestar frå 14 ulike nasjonar. Dei fleste bur ei natt eller to, nokre få opp til ei veke, fortel ho, og viser både booking-boka og ei gjestebok der fleire fine tilbakemeldingar har blitt skrive.

«Das ist der schönste campingplatz der wir in Norwegen gefunden haben», er ei av helsingane.

- Eg viste den til ungane, tenkte dei kunne læra litt språk av den. Det var mykje god tysk gramatikk i den setninga.

Fasilitetar, dyr og natur
Allereie i fjor var fasilitetane på plass. Eit rom med eigen inngang i fronten på huset var innreia som resepsjon. Her blir det også servert kaffi til teltturistar som vil inn og varma seg.

Kjellaren er innreia med vaskemaskin, tørketrommel og eit minikjøkken, og på låven er eit nyinnreia garderobeanlegg med toalett og dusj.

- Det var om lag halvt om halvt med teltturistar og bubilar og vogner. Gjestane sa dei likte at det er så roleg her, dei koser seg mellom trea rundt gardshuset.

- At vi har kyr og kalvar, hestar og føll er noko både vaksne og ungar set pris på.

Omfattande utviding
Botnevik har god nok plass til gjestane, førebels, men då dei i vår skulle ha konfirmasjon blei det planlagt og bygd eit tilbygg som gjestane kan få glede og nytte av.

- Vi har fått eit opphaldsrom som no er innreia som selskapslokale. Dette kan også osingane få leiga, om dei vil. Vi kallar det Mathiaskjellaren, sidan Mathias Erichsen, som var ordførar i Os tidleg på 1900-talet, budde i dette huset.

- Til campingturistane, som også kan bruka selskapslokalet, har vi dessutan fått gjestetoalett og vaskerom.

Hastverk og festivalcamp
I etasjen over står eit lite husvære nesten ferdig. Her kjem seng, sofa og minikjøkken til dei som vi leiga rom.

- Det må stå ferdig til 19. juni, for då har eg første bestilling.

Inger har også tatt på seg ei anna oppgåve i juni. Arrangørane av Osøren Blues og Jazzfestival, som lenge har sakna at det har vore ein god campingplass i bygda for tilreisande publikum, har bede Botnevik om hjelp.

- Eg har sagt at vi gjerne kan fungera som festivalcamp, og plenen står heldigvis klar, seier Inger Botnevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.