Utvidar i haustferien
Bygdekinoen utvider i haustferien med kino både sundag og måndag.

Annakvar sundag er det bygdekino i Oseana, og kommande sundag er inga unntak. Men denne gang blir det ei tilleggsframsyning på måndag.
Ferietilbod
- Tidlegare har vi hatt skulekino, men dette er første gong vi har kino i haustferien, fortel Janne Mari Hjelle, kulturhusvert i Oseana.
- Vi ønska å gje borna eit tilbod om aktivitet på dagtid i ferien.
Det blir ny film og kiosk som vanleg, det einaste ein må merka seg er tidspunktet som er klokka 12:00 måndag.
- Vi håpar og trur det kjem folk, og blir det suksess så gjer vi det gjerne igjen, seier Hjelle.
Albert Åberg og det hvite hus
På søndag er det filmane Hokus pokus Albert Åberg og White House Down som visast på bygdekinoen.
Hokus pokus Albert Åberg:
Albert Åberg er ein av våre aller mest populære barnefigurar. Den oppfinnsame, fantasirike og finurlige 6-åringen har sett sterke spor hos barn og vaksne gjennom fleire generasjonar. Filmen er basert på boka med same namn, mer er bygd ut til ei større forteljing med tematikk både frå denne boka og andre kjende problemstillingar og karakterar frå Albert Åberg sitt univers.
Albert meiner han er stor nok til å få ein hund no som han har starta på skulen og snart fyller sju år. Men pappa syns framleis han er altfor liten til eit så stort ansvar. Albert prøvar alt han kan å overbevise pappa om at han tek feil. Men det er ikkje så lett for ein liten gut som framleis benyttar seg av ein fantasivenn for å løyse sine problem. Albert får eit nytt håp når han blir kjend med ein ekte trollmann!
Filmen er regissert av Noregs mest kjende animasjonsregissør, Torill Kove.
Filmen er tillèt for alle og startar klokka 16:00.
White House Down:
I "White House Down" blir ei gruppe besøkande i Det hvite hus overraska av et terroristangrep.
Sikkerhetsvakt John Cale (Channing Tatum) har nettopp fått avslag på draumejobben i Secret Service, som beskyttar President James Sawyer (Jamie Foxx). Etter avslaget tek han med dottera si på ei omvising i Det hvite hus - i same augneblinken som bygninga blir beleira av ei gruppe tungt væpna terroristar. Medan tida renn ut og nasjonen si regjering er i fullstendig kaos, blir det Cale si oppgåve å redde presidenten, dottera si - og heile landet.
Filmen startar klokka 19:00 og har aldersgrense 15 år. Born frå 12 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.
Grusomme meg 2
Måndag er det haustferiekino med filmen Grusomme meg 2.
Superskurken Gru og de elleville Minions-hjelparane hans er tilbake på nye eventyr!
Universal Pictures og Illumination Entertainment gjorde stor suksess med Grusomme meg i 2010. Filmen gleda publikum over heile verda og spelte inn over 540 millionar dollar, noko som gjer den til den 10. største animasjonsfilmen i USA nokon sinne.
Gru lever no eit lukkeleg liv saman med den nye familien sin: Agnes, Edith og Morgot. Han har bestemt seg for å gje skurkefortida si på båten, og heller konsentrere seg om å bli ein ærleg, hardtarbeidande familiefar.
Den nye jobben hans handlar om gele, i alle moglege fasongar og smakar! Forretningane går derimot ikkje knirkefritt. Gelesalet går ikkje så bra som venta, og mange av Minions- hjelparnane hans må finne seg andre jobbar. Så blir Gru plutselig kidnappa av den merkelege, hemmelege agenten Lucy, som treng hjelpa hans til å fange ein ny, skummel superskurk. Og i mellomtida er det nokon som bortfører Minions og gjer dei lilla. I mellomtida Gru kjempar mot onde parkykkmakarar og latinodansarar. Dette blir rett og slett grusomt underhaldande!
Filmen er tillèt for alle og startar klokka 12:00.