Utvidar og rustar opp
Ravneberghaugen med nye paviljongar for trim og sosialt samvær og utviding av talet på plassar etter ny driftsavtale med Helse Vest.
I vakkert haustvêr fredag opna Ravneberghaugen rehabiliteringssenter i Hagavik tre nye paviljongar langs den 850 meter lange skogsløypa rundt senteret.
– Tanken er at paviljongane skal kunna nyttast til skogstrim som styrke- og balanseøvingar, som møteplassar i ly for vind og regn, eller som ein plass for ro og kvile midt i naturen.
– Ideen til paviljongane var det ein av fysioterapeutane våre, Wenche Lepsøy, som hadde.
– Når vi då er så heldige at vi har bygningskyndige folk som Eivind Sjøbø og dei to hjelparane Oddvar og Torstein blant oss, så har dei tre paviljongane latt seg realisera, sa dagleg leiar Ranveig Klingsheim før paviljongane blei tatt i bruk og den første skogstrimmen innleia.
Fekk fleire plassar
Tidlegare i sommar fekk Ravneberghaugen ny driftavtale for spesialisert rehablitering med Helse Vest.
– Den nye avtalen gjeld frå 1. januar 2015 og gjeld for 6 pluss 2 år.
– Det er ein god avtale som gjev oss to nye døgnplassar og to nye plassar på dagrehabiliteringa i tillegg til dei vi har i dag.
Har fullt belegg
Med den nye avtalen får difor rehabiliteringssenteret 34 døgnplassar og 8 dagrehabiliteringsplassar, og det trengs.
– VI har fullt belegg og vel så det.
– I samband med utvidinga skal vi tilsetja 5,23 nye årsverk, mellom anna ein legespesialist.
– Når alle er på plass vil vi då vera cirka 40 årsverk, fortel Klingsheim.
Har ideear for utviding
Ravneberghaugen, som er ei privat stifting, er det eldste rehabiliteringssenteret i Noreg, oppretta i 1899. Den nye driftavtalen fekk dei i konkurranse med fire andre rehabiliteringssentre i regionen.
– Det at vi har fått avtalen gjer at vi tørr byrja planlegga ei utbygging av blant anna treningsrom, kontorer og liknande.
– Vi har nokre idear om kva meir vi har lyst til å få til, avsluttar Klingsheim.