Lokal | 05. mai 2012

Utviding hos Actic

Treningssenteret Actic i Oshallen har brukt hausten og vinteren på å utvida både timeplan og frivektavdelinga. I februar kom også barneparkering på plass.

Utviding hos Actic
Dagleg leiar Sølvi Ann Bahus i hovudsalen hjå Actic (foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 05. mai 2012 09:17

Actic fekk ein god start i Os då dei opna, den gong som Nautilus, i Oshallen ved Osbadet 28. april 2008.

– Medlemstalet har halde fram med å auka, den siste tida har vi vakse frå 800 til cirka 1200 medlemmar. I takt med dette har vi utvida tilbodet, seier Sølvi Ann Bahus, som overtok som dagleg leiar på seinsommaren 2011.

I vinter fekk ho tak i eit tilleggsareal i Oshallen og i februar opna ein ny, dobbelt så stor frivektavdeling.

Første grep - fleire gruppetimar

Sølvi Ann Bahus gifta seg til etternamn og slekt i Os, men flytta ikkje til Os før i 2003. Frå før budde ho og familien i Fana, og Sølvi Ann hadde lang fartstid som instruktør hos SATS før ho plukka opp igjen dei gode treningsvanene på Kuventræ.

– Frå eg var 17 år har eg instruert i det meste av gruppetimar, frå step til zumba. Før hausten 2011 lagde vi ein heilt ny og mykje meir omfattande timeplan.

– Årsaka var at eg vil ha flest mogleg til å kombinera styrke og mosjon på apparat med koordinasjon og rytme i grupper. Mange får langt betre utbyte om dei trener begge delar.

– Det å ha tilbod til ungar og seniorar blei også prioritert i den nye timeplanen.

30 + 30

For å få fleire til å trena variert er fleire av gruppetimane komprimert.

– Det kan bli ei litt for lang økt om du skal trena éin time styrke og så éin time zumba. Spesielt for dei som har ungar som venter heime og ikkje kan slå ihjel ein heil kveld på treningssenteret.

– No kan vi for eksempel tilby 30 minutt step etterfølgt av 30 minutt mage/rygg. Det har slått godt an, seier Sølvi Ann.

Trening og dans for ungar og ungdom

Som første Actic-senter i Noreg har Actic Os fått eigen barneparkering.

– Kjedeleiinga er veldig lett å kommunisera med og dei gav oss heldigvis grønt lys då vi ville legga betre til rette for småbarnsforeldre. I februar opna den heilt nye barneparkeringa som er betjent av flinke, erfarne tilsette, blant anna med bakgrunn frå barnehage.

Men dei litt eldre ungane slepp å bli parkert hos Actic.

– Eg har inntrykk av at tilbodet ikkje er så stort til aktiv ungdom eller il dei som ikkje driv noko organisert, derfor har vi sett opp eigne zumba-timar for born. Til hausten blir det også hiphop/funk og timar for ungar frå tidleg barneskulealder og opp til vaksen, seier Sølvi Ann Bahus frå Actic Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.