Kultur | 31. aug. 2018

– Uvanleg godt program

Kystsogevekene: Bondens Dag og Oselvarfestivalen får fint vêr og ekstra mange utstillarar.

– Uvanleg godt program
Møte med dyr, bygging av leikebåt, utstiling av traktorar og marknad med gode råvarer. (Foto: Andris Hamre/Vidar Langeland/Kjetil Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. aug. 2018 10:09

Laurdag er det tid for Bondens Dag og Oselvarfestivalen, i år tilbake på same dato igjen. Os Bondelag flytta i fjor arrangementet sitt lengre ut på hausten for å feira 150 år.

Dagen startar med gratis frukost på torget, marknad i sentrumskjerna, møte med mange ulike dyr på Kyrkjeflaten og bygging av leikebåtar og kapproing ved Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet.

– Sjølve marknaden har uvanleg mange utstillarar av varer relatert til gardsdrift, seier leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg.

Han ramsar blant anna opp syltetøy frå Lysefjorden, grønsaker frå Hegglandsdalen, ost frå Tysnes og ein utstillar som sel frosen fisk og viltkjøt.

Silja Døsen Moberg og Osøyro Kolonial, som i juni opna butikk i Os sentrum, gjer naturlegvis ekstra mykje ut av denne dagen.

– Haustsesongen starar for fullt, og vi har utvida utval av ferske varer som høyrer hausten til. Det kjem plommer og eple frå Hardanger, løk og poteter frå Hålandsdalen og vår eminente leverandør av lammekjøt, Anders Tveite frå Stalheim, er med oss i og utanfor butikken. Folk som spaserer mellom Kyrkjeflaten og Hamnevegen kan òg få med seg ein Taco-Os i neven, seier Silja.

Båtbygging og kapproing

I Hamnevegen er både Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet ope for besøk.

– Vi hadde veldig godt besøk i fjor, både av ungar som ville snekra seg ein leikebåt, og av folk som ville innom verkstaden og sjå oselvarar under bygging, og verktøet som er i bruk, seier Vidar Langeland i Oselvarverkstaden.

Båtbyggar Berit har førebudd emne til 200 leikebåtar.

Programmet startar klokka 11, klokka 11.30 er det song og musikk ved Os Mannskor og Durspelsamskipnaden. Kapproinga startar klokka 12.

Desse dyra kan du møta

Grisane får seg ein pause frå sentrumsbesøk i år, i fjor var dei så store at bondelaget nesten frykta at dei skulle velta for mykje rundt på Kyrkjeflaten.

Men mange andre dyr står klare til å koma ut blant publikum; kaniner, sauar, hestar, føll, løpeender og kalvar.

– Det kjem faktisk eit tvillingpar med kalvar, Jostein Gåssand har døypt dei Marcus og Martinus, fortel Olav Botnevik frå Os Bondelag.

Så deler han litt kunnskap:

– Tvillingfødslar er litt sjeldan, sjølv om Martin Lyssand har ei ku som har fått tvillingar tre år på rad. Kjem det tvillingar av motsett kjønn er det faktisk 90 prosent sjanse for at begge kalvane blir sterile, men M og M er altså gutar begge to.

Utanom dette blir det hønebingo, som i fjor, og fire av traktorutstillarane som var på jubileet synest det var så kjekt å stilla ut at dei kjem tilbake.

– Martin Myrdal frå Jordal kjem og viser saueklipping, og det kjem to som skal kara og spinna ull. Det kan òg bli litt kjekt å sjå på, seier Olav.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.