Lokal | 07. feb. 2017
Væpna aksjon i Os
Politiet rykte mannssterke og væpna ut på melding om trugslar tysdag kveld.
Andris Hamretysdag 07. feb. 2017 21:47
Politiet rykte ut med fleire væpna patruljer, blant anna hundepatruljen, til ein bustad aust for Os sentrum tysdag kveld.
– Vi har avslutta der oppe no, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest Politidistrikt.
Éin mann er pågripen.
Trugslar og alvorleg historikk
Kolltveit fortel at det handla om eit familieforhold, kor det tidlegare har vore framsett truslar.
– Med bakgrunn i det som har vore sagt og gjort tidlegare tok vi våre forholdsreglar og godkjende væpning og sende fleire patruljer til staden.
– Vi pågreip ein mann utan dramatikk inne i den aktuelle bustaden. Han er no tatt med til varetekt hos oss, avsluttar operasjonsleiaren.