Kultur | 12. jan. 2011

Vakker vintermorgon

Oseana og Os Sjøfront: Midtsiden såg dagens soloppgang frå Mobergsneset.

Vakker vintermorgon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. jan. 2011 10:07

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Etter mange dagar med sludd og regn kom kuldegradane som var meldt snikande natt til onsdag.

I 2-3 minusgradar og lettskya himmel blei det ein stemningsfull soloppgang i 9.30-tida i dag. Vi såg den frå Mobergsneset, der bygging av Oseana og kai til Os Sjøfront er i full sving.

Fin flyt for sjøfronten
Os Sjøfront har fått støypt 12 av dei 185 pælane til den 4000 kvadratmeter store kaien som skal bera fire bustadblokker, kvar på fem etasjar.

- Arbeidet går som planlagt. Vi hadde ein pæle som ikkje festa seg som den skulle, der må vi ned med dykkarar for å gjera klar til sprenging og støyping så pælen står skikkeleg, seier anleggsleiar Gjermund Grønhaug frå Veidekke.

Sjøentreprenørar held i dag på med å grava plass til det fjerde av seks fundament som kaien skal festast i.

Inne på Oseana
I kunst- og kultursenteret Oseana, som skal ha opningsfest frå 17. juni i år, ser det ut som om mesteparten av arbeidet skjer innandørs.

Vindauge har kome på plass og i varmt og tørt lokale går det i bygging av lettveggar og trekking av leidningar.

Meir regn i vente
Og vêret, det skal halda seg fint i berre to dagar til. Torsdag er det meldt 1 minusgrad og lettskya, fredag overskya og opphaldsvêr fram til kvelden.

Så kjem ei veke med 4-6 gradar og mykje regn, 15 mm laurdag, 18 på sundag og 14 på måndag.

Sjå langtidsvarsel for Osøyro

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.