Vaksinerer ut veka
Halve Os er vaksinert mot svineinfluensa. Fredag er siste sjanse om du vil vaksinera deg i 2009.


Først var det risikogruppene og helsepersonell i førstelinja, så nær familien til dei i risikogruppene og så dei yngste.
- Vi har fått nokre spørsmål om dette med å starta med dei yngste, men sidan denne influensaen har sett ut til å smitta mest blant yngre, og unge mennesker har blitt sjukast, har også vaksinerinsrekkefølgja blitt snudd på hovudet i forhold til vanleg influensavaksinering, seier smittevernlege i Os, Jan Rune Stangeland.
Denne veka opna det for vaksinering av kven som helst. Men frå fredag blir det pause til over nyttår.
7000 dosar
Til no har 9000 dosar vaksine kome til Os, om lag 7000 av dei er brukte.
- Sidan ungar får halv dose og vi er rundt 16.500 innbyggjarar i kommunen så er nok over halvparten av innbyggjarane vaksinerte, seier Stangeland.
- Er det nokon som skal ta ny dose seinare, for å få vaksinen til å vara lengre?
- Det har vore snakk om at dei som får halv dose skal få ny halv dose seinare i vinter, men i går blei det stadfesta at det er berre personar med sjukdommar som gjev svekka immunforsvar og enkelte som går på medisinar som svekkar immunforsvaret som treng fleire dosar.
I tvil?
Idet har ikkje vore kapasitet til å stadfesta smitte hos dei som har hatt mistanke, bortsett frå dei i risikogruppa. No blir alle oppfordra å vaksinera seg, så lenge dei ikkje anten har påvist smitte ved blodprøvetaking, eller blitt smitta av nokon som har fått viruset stadfesta.
- Dei aller fleste av dei første som testa seg i haust, 80-90 prosent av dei, fekk negativt svar, altså at dei ikkje var smitta. Då sjukdomen var på topp i Os, for nokre veker sidan, var andelen større, kanskje litt over 50 prosent. Så det er nok ein del som trur at dei har hatt svineinfluensa, men som ikkje har hatt det.
- Med halve bygda vaksinert og mange som utvilsamt har vore smitta, fryktar de likevel ein ny topp i vinter?
- Det kan koma ei ny bølgje i vinter, men det blir nok ikkje slik det var tidlegar i haust, med halve skuleklassar som var sjuke samstundes.
- Kva med kvikksølvet i vaksinen, som enkelte er skeptiske til?
- Det er nokre aktivistar som har blåst dette opp. Kvikksølvet er der som konserveringsmiddel, men i så små dosar at det er mindre enn det ein får i seg på éin dag med normalt kosthald.
Kø av og til
Skuleungane blei vaksinerte på skulane, eit arbeid som ikkje er heilt ferdig. Også legevakta har den siste tida vore brukt, men der var lokalet litt knapt.
- No blir vaksineringa gjort på helsestasjonen i rådhuset. Det har vore litt kø i enkelte periodar, men det har stort sett gått unna. Helsesøstrene og sjukepleiarane har vore effektive, dei skal ha ros for den innsatsen dei gjer desse dagane.
- Også sanitetsforeininga, som hjelper til med å ta imot dei som skal vaksinera seg, skal ha ei stor takk, seier smittevernlege Stangeland.
Vaksinen kostar 100 kroner. Prisen er lik for ungar og vaksne.