Lokal | 14. sep. 2009

Valdagsstemning

Klokka 10 i dag opnar røystelokala. Kanskje bør du ta deg ekstra god tid når du går for å stemma?

Valdagsstemning
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. sep. 2009 08:07

Bildeserie:

1 av 2

I skrivande stund opnar dei ti vallokala i Os. På ein stille og solrik haustdag. Kanskje bør du seia frå på jobben at du ikkje kjem tilbake før i morgon, og ta deg ein fjelltur? Eller kanskje du kan stemma i lunsjen og ta med nistepakka for eit måltid utandørs?

Det er venta opphaldsvêr, men delvis skya tysdag, litt regn og litt sol onsdag, overskya og opphaldvêr torsdag og fredag.
Her er langtidsvarselet for Osøyro (yr.no).

Dagens Næringsliv offentleggjer i dag ei måling Sentio gjorde for dei frå tysdag til laurdag. 996 personar er intervjua. I denne målinga får dei raudgrøne fleirtalet (88 mandat).

Slik blei resultatet i målinga:
Ap 34,8 %
Sp 6,5 %
SV 7,3 %
Venstre 4,3 %
KrF 6,4 %
Høgre 14,6 %
Frp 22,2 %
Raudt 1,9 %
Andre 1,4 %

Resultat frå førre stortings- og sametingsval
(2005, på landsbasis, endring i prosent frå 2001)
Det norske Arbeiderparti 32,7 % (+8,4)
Framstegspartiet 22,1 % (+7,4)
Høgre 14,1 % (-7,1 %)
Sosialistisk Venstreparti 8,8 % (-3,7)
Kristeleg Folkeparti 6,8 % (-5,6)
Senterpartiet 6,5 % (+0,9)
Venstre 5,9 % (+2,0)
Raud Valallianse 1,2 % (0,0)

God måndag - godt val!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.