midtsiden

Valvik senka Voss

Os styrte kampen mot Voss og vann fortent 2-0.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os - Voss: 2-0 (1-0)

Os: Halvard Enes, Anders Glesnes, Tony Skarvatun, Vegard Borgen, Remi Osebakken, Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Ramo Racic, Preben Borgen.

Byte (Os): Andreas Bjørnen inn for Racic, Mats Lepsøe inn for Hjertnes.

Voss: Thomas Solberg,Hallvard Koltvedt, Oddbjørn Kvarekvål, Gaute Hauge, Kristian Eiukeland, Stig Arne Brunborg, Håken Seim, Bjarte Bergstrøm, Bjørn Tore Myrvold, Olav Skjeldal, Ronny Skjelde.

Mål: Tore Valvik (36, 69)
Gule kort (Os): Vegard Leikvoll Moberg, Anders Glesnes og Preben Borgen. Borgen må stå over neste kamp, som går borte mot Tertnes.

Os held seg på toppen av tabellen, og ligg no 10 poeng framfor Voss på 3. plass. Tertnes på 2. plass, 5 poeng bak, spelar borte mot Hovding på måndag.

SJÅ TABELL

Heimelaget starta med lågt press mot Voss, som trengte full pott for å henga med i tet. Og det gjekk ikkje så lang tid før gjestane opna seg.

Ramo Racic, som starta på topp medan Tim Henrik Sperrevik var ute i karantene, brukte stor fart og god spenst til å pressa gjestane sitt forsvar, og kantane og midtbanen var med fram.

- Vi slo litt mykje langt i første omgang, men vi heldt det potta tett på midtbanen, og Ramo gjorde ein god jobb som spiss, seier tomålsskårar og dagens Dolly Dimples-spelar Tore Valvik.

Tett bak
Også forsvaret får ros av midtbanespelaren.

- Det var litt rot i starten, men så kom det seg veldig.

- Eg fekk lite å gjera på i dag, Voss kom seg gjennom eit par gongar tidleg i kampen, men eg fekk ikkje noko å strekka meg etter, seier keeper Halvard Enes.

Remi Osebakken hadde eit fint skot frå spiss vinkel tidleg i kampen, og både Anders Glesnes og Preben Borgen hadde frispark som var nær på skåring. Glesnes sitt hadde både fart og skru, men blei redda, Borgen sitt hamna i tverrliggar før det gjekk ut.

Finte og langskot
Tore Valvik fekk frispark etter ei takling på sida, like utanfor 16-meteren. Nokre minutt etter frisparket hadde vossingane spreidd seg. Valvik fekk ballen på midtbanen og var ute etter hemn. Med to skarpe fintar var forsvaret sett ut av spel, og Tore kunne knalla til det han hadde.

Keeper både sprang ut og slengte seg, men skotet var både for hardt og for godt plassert. 1-0 til Os i 36. minutt.

Store sjansar i andre
Os starta 2. omgang bra, men 13 minutt ut i omgangen snakka vossingen Olav Skjeldal på seg sitt andre gule kort.

Med 10 motstandarar på banen rota Os litt før dei kom i gong igjen, men så kom sjanse på sjanse. Andreas Bjørnen kom innpå med ekstremt friske bein, og skapte fleire sjansar. Han gjorde også glitrande forarbeid då Valvik fekk ny sjanse til å skyta.

Tore hadde god tid på seg og gjorde ikkje feil; 2-0 i 69. minutt, også dette eit skot frå litt avstand.

Etter 2-0-leiinga hadde Os fleire sjansar, Stian Lunde hadde eit skot like utanfor og Bjørnen kom seg åleine med keeper, men blei pressa til å chippa litt tidleg, så også han skaut utanfor.

- Vi styrte denne kampen slik vi skulle, i dag spelte vi godt mot eit bra lag, seier ein nøgd Os-trenar Frank Hellevik.

Fleire saker