VAMP

Spelemennene er tilbake!

Foto: Inger Staveland
Vamp tilhøyrer eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela. Som vèret på vestlandet er dei fulle av kontrastar, frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege. Gjennom 26 år har dei spelt inn 14 album og hausta mykje heider og ære. Dei har seld over 1 million plater og mellom anna motteke 5 Spellemannpriser og Prøysenprisen . Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei ausar av på konsertane sine. I tillegg får vi høyre nokre nye songar frå deira komande album, ”Brev”, som kjem hausten 2019.
 
     
Vamp består av
Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Stian Tønnesen: gitarar, banjo, vokal
Kjetil Dalland: bass, kor
Lars-Erik Støle: orgel, trekkspel, kor
                                                                                                                          
Varer 90 min utan pause
Ord. 495,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! 

Lørdag, november 16, 2019 - 19:00