Vamp i Vognhallen

Osøren Blues & Jazzfestival 09: Vamp, Vetrhus, Twang Gang, ORBO og Jazzkamikaze med Marius Neset er blant dei som er klare for årets festival.cv

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

 

I dag blir programmet for Osøren Blues & Jazzfestival 2009 lansert, med velkjente Vamp og dei ferske Spellemannsprisvinnarane Orbo & The Longshots som hovudtrekkplastre.

- Vi satsar på sikre vinnarar i år, band og artistar som vårt store, trufaste festivalpublikum har etterspurt, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl.

Mange av årets band har spelt under festivalen tidlegare, og har publikum som ventar på "comeback" på Os.

Vognhallen framleis hovudscene

Vognhallen var ny scene i fjor. Hallen skal innreiast av Os Kulturutvikling, men festivalarrangørane får bruka den som scene også i år.

Fredag får du høyra Jazzkamikaze (med osingen Marius Neset på saksofon), ORBO & The Longshots og Reidar Larsen i Vognhallen.

Laurdag klokka 20 går Vamp på scenen ved Vognhallen, følgt av Erik Slim Zahl and the Southwest Swingers og Vetrhus Bluesband.

Festival utan Fjellheim?

Vi ser også av programmet at verken Fjellheim eller Oselvarnaustet er sett opp som spelestadar i år.

- Men vi har sikra oss begge lokala i tilfelle utviding av programmet. Sel vi mange billettar i god tid i forvegen kan det bli sett opp fleire konsertar, og folk må gjerne koma med ønskje, seier Nagell Dahl.

Jazz på brygga

Nytt i år er Visningssenteret som scene.

- Dette er eit fantastisk lokale for jazzkonsertar, der vi både har kveldssol, utsikt og høve til å sitja både inne og ute, seier Geir Mildestveit.

- Laurdagen skal vi kjøra ein skikkeleg latinokveld i Visningssenteret, med Trio de Janeiro og Combo Candombe.

Mildestveit er ansvarleg for jazzprogrammet under festivalen, og er svært nøgd med at han får Jazzkamikaze til Os.

- Det er ekstremt høgt nivå på det Marius Neset og kameratane held på med. Eg har sjølv vore og høyrt dei i København, og der spelar dei sjølvsagt for fulle hus.

Jazzkamikaze har fått platekontrakt med Sony, og kjem med album no til våren.

- At Solveig Slettahjell og Sjur Miljeteig (trompet), som gjorde ein svært god jobb i Fjellheim i fjor, kjem tilbake og spelar i kyrkja, trur eg også blir svært bra, seier Mildestveit.

Festival, skulptursymposium og gourmet

I år er det også skulptursymposium i Os. I tillegg går festivalarrangørane med nokre nesten hemmelege planar om å fletta inn eit spesielt matkonsept under symposiet og festivalen.

- Det er for tidleg å seia noko om dette enno, men får vi det til så kjem det til å bli servert mykje smakfullt i Os sentrum denne sommaren, seier Nagell Dahl, som til dagleg jobbar som matattaché for fylkesmannen.

Bluescruice

Også på cruisa med MS Midthordland ligg det an til å bli livleg. Twang Gang spelar på begge cruisa fredag, medan Osøren Jazzensemble spelar på tre av dei fem cruisa laurdag.

Vetrhus Bluesband og Hungry John står for musikken på dei to andre båtturane laurdag.

 

Fleire saker