Kultur | 09. des. 2015

Vamp kjem til Osfest

I 2011 spelte dei for 1200 i Oseana - i 2016 kjem Vamp til Osfest.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. des. 2015 15:09

I førre veke slapp Osfest sine første namn til festivalen i 2016, Marcus og Martinius har allereie selt over 3000 billettar.

I dag kjem dei med nok eit namn; Vamp speler på Osfest neste år.

Vamp samla heile 1200 i Oseanasalen seks dagar etter at kulturhuset hadde opningsfest, som ein tjuvstart på Osøren Blues & Jazzfestival.

Les meir og sjå bildeserie frå 2011.

I 2013 måtte dei avlysa ein utselt konsert i same hus grunna dødsfall i nær familie.

Frisk start på fredagen

– Vi er stolte over å kunna presentera eit av Noregs mest populære band til Osfest 2016. Sjølv om dei har spelt i Os før trur vi denne konserten kjem til å vera med på å gjera Osfest til ein folkefest, skriv arrangørane i ei pressemelding i dag.

Vamp skal opna storscenen klokka 18 fredag 5. august. Bandet har vunne Spellemannprisen fem gongar og kom med nyt album i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.