Sport | 19. aug. 2013

Vann 3-0 over Krabbetor

Damelaget til Os, som har fått fleire nye spelarar i sommar, tok søndag ettermiddag sin 8. siger for sesongen.

Vann 3-0 over Krabbetor
Her set Marita Arentzen, som også skåra kampens første mål, inn 2-0 til Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. aug. 2013 11:44

I vår spelte Os sin til no einaste uavgjorte kamp mot Krabbetor, i går slo dei same lag 3-0 på heimebane.

– Dette var ein fin start på hausten, seier trenar Cato Moldskred.

Os - Krabbetor 3-0 (1-0)
Målskårarar, Os: Marita Arentzen 2 og Linda Håland

Os tok leiinga i første omgang, men fekk press på seg første del av andre omgang.

Men så kom dei tilbake, skapte nokre sjansar, unngjekk 1-1 på kanonredning av Amalie Bøyum, overtok spelet og fekk inn 2-0 og 3-0.

Skåra i debuten

Os har fått 5-6 nye spelarar i sommar. Trine Lund, som har erfaring frå høgare divisjonar, er tilbake i Os. I tillegg har blant anna Linda Håland byrja å spela fotball igjen.

– Det er sikkert 10-12 år sidan eg spelte fotball på Søre Neset. Det siste året har eg jogga ein del, men dette var tungt, sa Linda etter kampen.

Linda utmerkte seg veldig bra offensivt og skåra 3-0-målet på frispark i Os-debuten.

Marita Arentzen sette inn dei to første måla.

På 2. plass

Os held seg stødig på 2. plass i 4. divisjon avdeling 2 etter nok ein solid siger.

Etter ti kampar står dei no med 8 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap.

Neste kamp går på bortebane mot Bønes, som ligg på 3. plass på tabellen.

Os slo Bønes 2-1 heime i vår.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.