Sport | 14. sep. 2011

Vann 4 av 6 gull

Os MC og MX klubb avslutta sesongen med ny medaljehaust. I tillegg blei dei, med god margin, kåra til beste klubb på Vestlandet.

Vann 4 av 6 gull
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. sep. 2011 07:21

Os MC og MX klubb sine motocrosskjørarar avslutta i helga sesongen med å ta 9 medaljar, 4 gull, 2 sølv og 3 bronse, i årets siste vestlandsmeisterskap.

– Vi har deltatt i vestlandsmeisterskapen i Stavanger, Vikedal, Jæren, Bømlo før siste runde, som gjekk på Stord. Os blei med 99 poeng, 24 poeng framfor andreplassen, kåra til beste klubb på Vestlandet, fortel Merete Lunde.

Fekk to av tre gymnasplassar

To av dei fremste kjørarane frå Os, William Havsgård og Marco Matre, blei i vår oppfordra til å søkja på Norges Toppidrettsgymnas si motocrosslinje.

– Utøvarar frå heile landet blei testa, og det var berre tre plassar. Derfor blei gleda stor då begge kom inn.

William og Marco får no undervising av 20 x NM-meister Roy Snellingen.

God rekruttering, kort bane

Lunde ser tilbake på eit godt år for klubben, også når det gjeld rekruttering.

– Vi har god rekruttering godt miljø og sterkt samhald både blant ungar, ungdom og foreldre.

– Det gode miljøet er nok medverkande til at prestasjonane blir så bra, vi har berre 450 meter å boltra oss på medan andre klubbar har banar som er opptil 1800 meter lange. På ønskelista står ny bane så vi både får betre treningsforhold og ein bane vi kan arrangera konkurransar på.

Uansett blir det no halde fram med kjøring i grustaket ved Ulvenvatnet fram til snøen kjem.

– No startar førebuingane til 2012 og eg trur vi har mykje kjekt å sjå fram til, seier Merete Lunde.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.