Fotball | 02. aug. 2012

Vann 6 av 8 kampar

Norway Cup: Førstelaga til Os er framleis med i A-sluttspelet. Eitt av dei tre KIL/STIL-laga er også vidare. Tore Kleppe er dessutan intervjua av Aftenposten Nett-TV.

Vann 6 av 8 kampar
Tonje Lindbom (t.v.) blei gratulert etter hennar andre skåring i 3-1-kampen mot Surnadal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. aug. 2012 00:10

Onsdag var første dag i sluttspelet i 40 år gamle Norway Cup i Oslo. Laga frå Os vann 6 av 8 kampar og har framleis alle dei tre førstelaga i ulike klassar vidare.

KIL/STIL er vidare med eitt av tre lag.

VIDEO: Norway Cup-dommarar må stoppa kampar grunna ivrige foreldre. Sjå Tore Kleppe uttala seg til Aftenposten om livet på sidelinja.

3-0 til juniorlaget

Juniorlaget hamna på 2. plass i pulja etter to ufortente poengdelingar, men tok i dag ein fin 3-0-siger over Øvrevoll Hosle i 1/32-finalen.

Juniorane møter Sunndal i 1/16-finale klokka 12 torsdag.

Vinn dei den ventar truleg superlaget Karanba i neste.

Gjekk nesten på ein tidleg smell

Gutelaget (Os 1) hadde nok venta seg lett match mot Askøy 3, men møtte ein vegg av forsvarsspelarar og klarte ikkje å skåra før straffekonk. 0-0 blei til 3-1 og siger i 1/64-finalen.

Onsdag ettermiddag spelte gutelaget 1/32-finale mot Nordstrand. Der blei det ein fin 2-0-siger.

Os 1 møter Driv i 1/16-finale torsdag morgon klokka 9.

Grei siger til jentene

Os jenter 14 møtte Surnadal, som var vinnar av pulje 4 av dei 21 puljene, i dagens 1/16-finale.

Os tok leiinga, men fekk ei utlikning i første omgang. I motølys og motvind pressa dei likevel i heile omgangen, og 2-1 og 3-1 var ikkje til å unngå.

Jentene møter Team Nes klokka 13 torsdag.

Os 2 vidare i B-sluttspelet

Os gutar 14, som tok seg vidare til A-sluttspel med ein viktig 17-0-siger, gjekk sjølv på eit stortap i dag.

Start blei for sterke og Os tapte 0-8 etter å ha lagt under 0-5 til pause.

I guteklassen (G16) hamna både Os 2 og Os 3 i B-sluttspelet. Os 3 fekk seg ein etterlengta siger då dei slo Kjøkkelvik 3-1 på formiddagen onsdag, men tapte neste runde for Kolvereid med same siffer.

Os 2 har spelt 1/32-finale i dag og vunne 3-1.

KIL/STIL gutar 13 i støtet

Medan KIL/STIL jenter 16 tapte 1-3 i første runde i A-sluttspelet var superlaget i 13-årsklassen av same kjønn nær på å ta seg til kvartfinale.

Jenter 13 hadde 19-0 i målforskjell på fire kampar, men i 1/8-finalen enda det med 0-0 mot Skedsmo og avgjerd på myntkast, ein ikkje så kjekk måte å ryka på for dei flinke jentene.

Gutar 13 gjekk det betre med, dei vann både 1/32-finalen og 1/16-finalen, 5-0 over Sætre Graabein og 1-0 over Moster, og er klar for 1/8-finale mot Nordstrand torsdag klokka 14.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.