Sport | 09. des. 2012

Vann to av tre

Handballjentene til Os vann to av tre Bring-kampar då dei spelte på heimebane i helga. - Kampen vi tapte, tapte vi på innsatsen, seier trenar Kenneth Husebø.

Vann to av tre
Anna Bjørke Kallestad, Vilde Brattabø og Stine Sandven Færøvik bøtta på med mål i sundagens kamp mot Follo (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 09. des. 2012 19:56

J16-laget til Os Turn kvalifiserte seg tidlegare i haust til den nasjonale Bringserien. I første runde, som dei spelte i Kristiansand, tok dei med seg fire poeng heim. Laurdag og sundag var det duka for heimekamper i det dei tok imot Sarpsborg, Fjellhammer og Follo til andre runde.

- Vi burde hatt seks poeng, at vi klarer fire må vi vera nøgd med likevel.

- I Bringserien er vi gode nok til å slå alle, men vi kan òg tapa mot alle, om vi ikkje er 100 % skjerpa, oppsummerer Kenneth Husebø.

Ville ikkje nok

Laurdagens første kamp gjekk mot Sarpsborg og enda med helgas einaste tap 20-29.

- Starten på laurdagen var katastrofal. Det er den svakast gjennomførte kampen eg har sett frå jentene på det eg kan hugsa.

- Sarpsborg ville meir enn oss, kjempa hardare enn oss og vann til slutt fortent, seier trenaren.

Fantastisk handball

I laurdagens andre kamp møtte Os Fjellhammer i det som av mange var tippa som den tøffaste kampen i helga.

Husebø må ha sagt nokre alvorsord til spelarane før kampen, for no var innsatsen og spelegløden på topp. Det same var stemninga på tribunen, der både heime- og bortesupportarar gjorde sitt for å heia fram laga.

- Vi speler bra handball i 40 minutt og fantastisk handball i 10 minutt.

- Då peiser vi frå dei med ni mål, smiler Husebø.

Etter endt dyst kunne Os-jentene jubla over 28-23-siger.

Godt gjennomført

Sundagens einaste kamp gjekk mot Follo, og det var aldri tvil om at sigeren skulle bli til heimelaget.

- Vi speler jamnt bra heile kampen og viser kva vi kan.

- Det blei ei øving i å halda fokus inn mot og under kamper mot antatt dårlegare lag, forklarer Husebø.

Etter 50 spelte minutt kunne Os notera seg ein ny siger med 33-20 over Follo.

Med to rundar og seks spelte kampar ligg Os på sjetteplass, to poeng bak den viktige fjerdeplassen.

Dei fire beste i serien går nemleg til sluttspelet, der dei møter dei fire beste frå dei to andre puljene.

SJÅ TABELLEN HER

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.