Vann B-finalen på Hamar
Os Turn Handball hadde to lag i finale under Storhamar Cup i helga.
I helga var handballspelarar frå Os Turn til Hamar på cup – for 8. år på rad.
– Gutar 13, som eg trener har vore med i 5 år. Første gong vi reiste gjekk dei i 3. klasse, då måtte vi har dei gåande i tau på Oslo S, fortel Hans Brunvatne.
I år reiste dei med 9 spelarar, til saman 104 unge og vaksne frå Os var på tur.
– Det er utruleg å sjå kor reisevant dei har blitt og kor kjekt dei har det på tur saman, på tvers av alder og lag.
Fritida gjekk med til å heia på dei andre Os-laga, til badeland og til felles grilling med premieutdeling til beste og mest framgangsrike spelarar.
To lag til finalen
Medan dei to laga med jenter 11 fekk 5 kampar kvar var 7 av dei 9 laga var gamle nok til å spela sluttspel.
Jenter 13 kom på 2. plass i pulja og var einaste lag som tok seg til A-sluttspel. Her rauk dei ut i 1/8-finalen.
Både jenter 14, det eine gutar 12-laget og det eine jenter 12-laget kom til 1/4-finale i B-sluttspelet.
Gutar 13 og det anndre gutar 12-laget gjorde det endå betre i B-sluttspelet, der begge tok seg til finalen.
Gutar 12 tapte finalen i siste speleminutt, kampen enda 8-9.
Gutar 13, som tapte A-finalen i fjor, møtte fjorårets finalemotstandar i puljespelet i år, og gjekk i tillegg på ein smell mot eit anna lag.
Dermed blei det 3. plass av 5 lag i pulja.
I B-sluttspelet blei det 12-5, 10-6 og også 10-6 over Ski i finalen.