Vann i serieopninga
I dag starta handballsesongen, og Os leverte på bortebane mot sterke Årstad 2.


- Dette var veldig bra! Etter nokre mindre gode treningskampar den siste tida var det kjekt å sjå slik disiplin og kreativitet hos jentene, seier trenar Kenneth Husebø.
Husebø spådde før sesongen at Årstad 2 saman med Jotun og Stord blir dei tre topplaga i 2. divisjonsavdelinga. Han var derfor spent før seriestarten på bortebane i dag.
- Eg heldt ein tordentale før start, med fokus på å vera trufast til systemet vårt, og det klarte dei, med ein god porsjon kreativitet.
Det var ein jamn kamp der heimelaget leia 15-13 til pause. Men i andre omgang henta Os inn igjen leiinga, og låg store delar av omgangen med 2-4-måls leiing.
- Kampen vippa, men med oss i førarsetet, seier Husebø.
Os vann 29-27.
- Vibeke Ingebrigtsen kom inn og gjorde ein veldig god jobb i mål, blant anna ved å redda fleire straffar. Kaptein Madeleine Hjertnes styrte kampen godt frå midtbanen, og så var det fantastisk å sjå Maria Stangeland (bildet) tilbake i slik storform, seier Kenneth.
Målskårarar: Madeleine Hjertnes 7, Hilde Kristine Røttingen 7, Elise Hjelle 4, Mona Stigen 4, Trine Balland 3, Maria Stangeland 2 og Ingvill Hefte 2.