Sport | 20. okt. 2018

Vann kampen - tapte siste håp om opprykk

Lyskloster vann nest siste seriekamp, men det gjorde òg Sotra og Fyllingsdalen.

Vann kampen - tapte siste håp om opprykk
Ruben Hetlevik og Lysekloster slo Stord i dag, men har ikkje lenger håp om opprykk. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. okt. 2018 14:39

1-3-tap for Fyllingsdalen på heimebane i førre runde gjorde at Lysekloster gjekk ned frå 1. til 3. plass på tabellen.

Det var framleis tre ulike scenarie der Lysekloster kunne vinna serien og opprykket til 2. divisjon, men ingen av dei inkluderer siger til både Sotra og Fyllingsdalen i dagens runde.

– Vi leverte ein god kamp i dag, dominerte mesteparten av kampen, og var sterkast både i duellspel og banespel. Stord hadde nokre sjansar på dødball, men vi vann fortent, meiner Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Det er ikkje i denne runden vi taper opprykket, men det er trist at håper no er heilt ute.

Stord - Lysekloster 0-2 (0-1)
Målskårarar: Kristoffer Gunnarshaug og Willy Zamble

Fyllingsdalen slo Brodd 3-1 heime, Sotra knuste Øystese 2-6 borte.

Sotra tar imot Fyllingsdalen i siste runde - til avgjerande kamp om opprykket.

Det beste Lysekloster no kan klara er 2. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.