Sport | 20. mars 2010

Vann karate-NM!

I fjor blei det sølv og bronse, i år gjekk både Henrik Reed-Larsen og Åsmund Slettevold til topps.

Vann karate-NM!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. mars 2010 23:03

Henrik Reed-Larsen og Åsmund Slettevold vann i dag kvar sin klasse i NM i karate i Haukelandshallen.

Henrik, som i fjor fekk bronse i + 68 kg junior, stilte i år i den tyngste juniorklassen, + 76 kg. No kan han kalla seg noregsmeister etter siger over Shawn Courcelles frå Troll KK i finalen.

Åsmund fekk sælv i kadett - 70 kg i fjor, i år blei det gull etter siger i finalen mot Philip Sælid, også han frå Troll KK.

Fleire medaljar til Os
I tillegg til dei to gullmedaljane blei det både sølv og fleire bronsemedaljar til Os. Tonje Hjelle fekk sølv i damer senior - 55 kg, Stian Nilsen og Roy Åge Alvheim delte tredjeplassen i senior + 84 kg.

I tillegg til gull i kamp vann Åsmund bronse i kata for gutar kadett.

Kjelde: kampsport.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.