Vann med 10 mål
Os spelte overbevisande og underhaldande og vann serieopninga 33-23 over Gloppen framfor nesten 200 på tribunen.


– Dette var ei solid gjennomføring, seier trenar Leif Idar Røen.
Handballherrane til Os har som mål å rykka opp denne sesongen og starta serien på heimebane mot Gloppen, som spelte i 2. divisjon førre sesong.
– Vi har godt mannskap og vi har hatt ei god oppkjøring, men var ekstra spente sidan vi ikkje har spelt éin treningskamp i haust.
Espen Risti blei suverent dagens toppskårar med heile 14 mål.
Os - Gloppen 33-23 (16-11)
Os sine målskårarar: Espen Risti 14, Joachim Nøkleby 4, Ove Lyssand 3, Torbjørn Hjelle 3, Isak Røen 3, Joakim Blostrupmoen 3, Jørgen Wold 2 og Trygve Dahl 1.
Os: 1 x 2 min
Gloppen: 2 x 2 min
Publikum: 187
Kampen starta noko tamt, med Os i føringa til 1-0 og 2-1. Men så kom eit par glippar i angrep og gjestane tok leiinga. Men 2-4 og 3-6 blei til 7-7 ved Risti og 8-7 ved Joakim Blostrupmoen.
– Bortsett frå korte svake periodar var kampen vår. Vi var gode i forsvar og veldig gode i angrep, synes Røen.
Os fekk ei 5-6-målsleiing som heldt seg til pause, men i starten av andre omgang kom ein kort svak periode igjen, og Gloppen var oppe i 19-16 på det nærmaste.
Men så redda Einar Godø straffe og Os drog ifrå. Det livlege publikummet i Oshallen klappa heile det siste minuttet, og dei fekk ekstra unnderhalding for pengane.
Det nest siste målet blei ein dobbel flygar, Joachim Nøkleby frå vingen i lufta til ein svevande Torbjørn Hjelle inn til 32-23. Espen Risti fekk æren av å setja inn sitt 14. mål då han gav Os 10-målssiger 33-23 8 sekund før slutt.