Vann med 10 mann
Os skåra 2 mål på 15 minutt, men måtte slita for å ta full pott på heimebane i dag.
Laurdag tok Os imot Varegg, som låg eitt poeng framfor før dagens 20. runde i serien.
Os starta best og leia til pause, men fekk press på seg i 2. omgang, særleg etter at Fredrik Heggland blei utvist 10 minutt ut i omgangen.
Os - Varegg 2-1 (2-1)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm (8.) og Fredrik Heggland (15.)
Os: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Fredrik Heggland, Håvard Grøteide - Tore Valvik, Simen Lassen - Stian Lunde - Espen Kopperud (Preben Borgen), Christer Olsen (Børge Borgen) og Erik Kanestrøm.
Heimelaget kjørte godt på og kunne fint ha skåra fleire mål i første omgang. 1-0 kom på innlegg av Espen Kopperud, eit innlegg Kanestrøm sette sikkert i nota.
Minuttet etter var han gjennom igjen, men då klarte den raske og flittige venstrekanten til Os ikkje å vippa ballen over keeper, som kom stormande ut.
Kanestrøm sto også bak corneren som Fredrik Heggland stanga i mål eit kvarter ut i kampen.
Redusering og fleire sjansar
I 24. minutt var Heggland, som spelte midtstoppar, i ein duell på hjørnet av 16-meteren som han fekk gult kort for.
Frisparket gjekk inntil rota på første stolpe og Kloven kom seg ikkje raskt nok ned til å hindra bortelaget i å redusera.
Os hadde fleire sjansar etterpå, men Christer Olsen glei i avgjerande augneblink, Stian Lunde skaut over på halvvolley og Espen Kopperud kom litt for seint inn på lengste stolpe på flott innlegg av Kanestrøm.
Gjestane best i 2. omgang
Varegg starta 2. omgang med to gode skot mot Os-målet. Så kom Heggland i ein tilsvarande duell og fekk nytt gult kort og måtte ta helg.
Gjestane pressa kampen ut utan å skapa dei store sjansane. Os avverga, men sleit med å koma seg opp på banen.
Den største sjansen til Os i 2. omgang kom på overtid etter eit kjemperaid av Simen Lassen, som dribla fire mann før han kom seg fri og fekk sendt til Preben Borgen, som sendte på kant til Torkel Hjertnes. Innlegget frå Hjertnes hamna på hovudet til Erik Kanestrøm som heada rett forbi ein langstrak keeper, men rett utanfor lengste stolpe.
– Fekk dårleg betalt
Varegg sto på med ein mann meir, men klarte ikkje å skåra etter pause.
– Eg synes vi får dårleg betalt i dag, seier trenar Alexander Straus.
– Os er eit godt lag og var klart best dei første 20 minutta. Men så tar vi over og eg synes vi burde tatt minst eitt poeng i dag.
Varegg-spelarane såg ut til å vera svært skuffa etter kampen og kapteinen nekta å ta Os-spelarane i neven for å takka for kampen.
På den tunge, glatte banen blei det også mykje rufsete spel, lange sklitaklingar og dommaravgjerder som fleire stussa over.
– Var dette ein kamp som var vanskeleg å dømma? Du var sjølv i dialog med dommaren nokre gongar.
– Han gjorde det vanskeleg for seg sjølv og mista nok hovudet litt nokre gongar. Det var mange sterke personlegheiter på banen i dag, og då skal det litt til å henga med, meiner Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.
– Gutane gjorde ein veldig god innsats og sto godt imot med éin mann mindre på banen.
Os klatra med denne sigeren frå 5. til 4. plass på tabellen. Stord på 3. plass er berre eitt poeng framfor.
Os sin neste kamp går borte mot Haugesund 2 måndag 17. september. Neste heimekamp er mot Stord laurdag 22. september.
Os 2 speler mot Trott heime søndag (kl 16).
Fleire resultat frå runde 20:
Avaldsnes - Stord 1-1
Åkra - Sandnes Ulf 1-0
Bjarg - Tertnes 2-1
Austevoll - Arna-Bjørnar 1-3
Skjold - Haugesund 2 (blir spelt måndag)
Stavanger - Kopervik (blir spelt måndag)