Vann med 5,5 kilo
Jostein Røttingen fekk mest fisk under fiskekonkurransen laurdag, med det var Jon Tore Døsen som fekk den største fisken.


Som vanleg var fiskekonkurranse del av programmet for første kystsogedag i Os. Dei siste åra har det vore mellom 120 og 150 deltakarar på arrangementet, men regn og kulde gjorde nok at fleire heldt seg heime under årets første kystsogedag.
- Vi hadde 61 deltakarar, og det er vi nøgd med på ein slik dag, seier Per Pedersen frå styret i Os Småfiskarlag.
25 av deltakarane var i klassen over 16 år, 16 i klassen frå 10 til 16 år og 20 i klassen frå 9 år og ned. I tillegg til dei 61 deltakarane var det naturlegvis ein del foreldre.
Det var konkurranse i mest fisk (i kilo) per klasse, og størst fisk, uansett klasse. I fjor vann Astrid Nybø klassen over 16 år med totalt 8,2 kilo fisk. Med ein fisk på 4,06 kilo fekk ho også den største.
ÅRETS VINNARAR
Over 16 år: Jostein Røttingen, 5,5 kilo
10 til 16 år: Caroline Sørstrønen, drøye 2 kilo
Under 10 år: Markus Hufthammer, 1,140 kilo
Jon Tore Døsen si pale på 1,150 kilo var største fisk som blei fiska dei timane konkurransen heldt på.