Vann med ny båt
Etter å ha tatt samanlagtsigeren i fleire år på rad måtte Opstvedt stå over to sesongar. I år var han tilbake med ny båt.


Marlin med rormann Hermod Opstvedt vann samanlagtsigeren i Os Seilforening sine trimmingsseglas kvart år frå 2003 til og med 2006. 2007-sesongen starta også godt, men så blei båten, ein Dehler 33, kondemnert.
- Vi vann Neglespretten første helga i januar 2007, men var bortpå ei grunne. Skaden i laminatet blei oppdaga seinare, båten tok inn vatn og skaden blei for dyr til at det var verdt å reparera den, fortel Hermod Opstvedt.
Ny båt blei bestilt med ein gong, same type, men éin fot lengre.
- Denne fekk vi først i november i fjor, så vi mista to sesongar.
50 prosent meir segl
Sjølv om nye Marlin også er ein Dehler, og berre litt lengre enn den førre, er den ganske ulik den førre seglbåten til Opstvedt.
- Båten er ein halv meter breiare, og har 50 prosent større seglflate. Medan førre Marlin var god i sterk vind, har denne sin styrke når vinden er svakare.
Sjølv om Opstvedt kom tilbake og tok samanlagtsigeren med ny båt, har ikkje alt vore optimalt.
- For det første så har det blitt litt prøving og feiling med ny båt, for det andre har vi hatt eit hol i seglgarderoben. Eg har bestilt eit mindre segl til kraftigare vind, men dette har ikkje kome enno, fortel han.
No håpar han å få seglet før Nisseseilaset i desember.
- Både Nisseseilaset og ikkje minst Neglespretten som vi har vunne fire gongar før, er viktige mål i månadane som kjem, seier Hermod.
Siste runde i går
Tysdag kveld gjekk siste trimmingsseglas av stabelen, og Marlin hamna på 4. plass i den største klassen. Dette var likevel godt nok til å stikka av med sigeren samanlagt.
På plassane bak, samanlagt for sesongen, kom Sverre Holm med Piano og vein Skoglund med Tina for II.
I den minste klassen var Leif Hetleflåt og Akina suveren. Dei kom dessutan på 2. plass overall.
På Os Seilforening sine heimesider kan du sjå detaljerte resultat, både frå seglaset i går og samanlagt.